Børre Meinseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Børre Meinseth
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. november 1966 (57 år)
Ulsteinvik
Yrke fotballspelar

Børre Meinseth (fødd 24. november 1966) er ein tidlegare fotballspelar frå Ulsteinvik, som vart noregsmeister 1987 med Bryne Fotballklubb og seriemeister 1991 med Viking Fotballklubb.

Meinseth var ein løpssterk offensiv midtbanespelar som spelte på IL Hødd i 2. divisjon til 1986, der han i sin siste sesong var toppskårar i laget. Han melde overgang til Bryne framfor 1987-sesongen. I sin fyrste sesong med Jær-laget vart han toppskårar i klubben og cupmeister. Etter Bryne mislukkast å rykke opp til 1. divisjon i 1990-sesongen, gjekk han over til Viking i Stavanger. Også i Viking opplevde han suksess i sin fyrste sesong då klubben vann 1. divisjon og vart norsk seriemeister for hittil (2016) siste gong. Etter seks sesongar i Viking var han i to sesongar, 1996-98, SC Heerenveen-spelar i Nederland.

Frå august 1987 til april 1988 deltok Meinseth i åtte landskampar for Noreg. Han opplevde aldri å vinne med landslaget, og fire av kampane enda mållause.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]