Bøstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nokre av stolpene som markerer vikingtidshuset på Borg med Borge kyrkje i bakgrunnen.

BøstadVestvågøy i den tidlegare kommunen Borge i Lofoten i Nordland, frå 1963 ein part av Vestvågøy kommune, er ein av dei mange stadene i Vestvågøy kommune som er rike på kulturminne frå forhistorisk tid og mellomalderen. På Borg på Bøstad har arkeologiske utgravingar brakt for dagen spor og leivningar etter ein stor bygning frå vikingtida som har fungert som høvdingsete. Bygningen er rekonstruert i full storleik og vert nytta til museum, Lofotr Vikingmuseum. Ikkje langt frå arealet der vikingtidsbygningen stod, ligg Borge kyrkje, som er den siste i ein rad av minst fem kyrkjer som har stått på same staden gjennom tidene. I området er det òg registrert fleire andre fornminne.

På Bøstad ligg Bøstad skule.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]