Las Vegas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Velkomstskiltet, som står i den sørlege enden av hovudgata The Strip.

Las Vegas (spansk for engene) er den største byen i den amerikanske delstaten Nevada og den største byen som er grunnlagt i det 20. hundreåret (grunnlagt i 1905). Byen har ca. 500 000 innbyggjarar, byregionen ca. 1 950 000 (2005).

Kallenamn[endre | endre wikiteksten]

Las Vegas blir nokre gonger kalla «Sin City» (engelsk for «Syndebyen»). Grunnen til dette er den store utbreiinga av legalisert gambling, tilgangen til alkohol til alle tider på døgnet (som i heile Nevada), ulike typar og grader av stripping og porno og legalisert prostitusjon i nærliggjande county. Det offisielle kallenamnet, som dei lokale styresmaktene fremmer, er likevel «Verdas underhaldningshovudstad».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området fekk namnet sitt av spanjolar som henta vassforsyningar her når dei følgde den gamle spanske vegen frå Texas nordvestover. Dei mange vasskjeldene her gjorde at området hadde store grøne enger, derav namnet «Las Vegas» («engene»).

Byen vart grunnlagt 15. mai 1905 da jarnbanen mellom Salt Lake City og det søraustlege California stod ferdig.

Bygginga av Hoover Dam frå 1931 bidrog til vekst i byen. Dette året vart òg gambling legalisert, og byen inntok raskt rolla som spelehovudstad.

Byen i dag[endre | endre wikiteksten]

Las Vegas er i dag spesielt kjent for kasinoa sine og dei mange bryllaupskapella. Kvar dag giftar 150 menneske seg i byen. Det finst så mange hotell i byen, at dersom ein skulle overnatte ei natt på kvart av dei, ville det tatt 288 år.

Det glamorøse bybiletet har gjort byen til ein populær stad for innspeling av filmar og TV-program.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Las Vegas
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.