Hopp til innhald

Mississippi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For elva med same namnet, sjå Mississippielva.
Mississippi
delstat
Flagg
Våpen
Land  USA
Hovudstad Jackson
Areal 125 443 km²
   land 121 488 km²
   vatn 3 945 km²
Folketal 2 984 100 (2017)
Folketettleik 25 / km²
Guvernør Tate Reeves
Før innlemming Territoriet Missisippi
Innlemma i USA 10. desember 1817
Statsnummer 20.
Forkorting MS
Kart
Mississippi
33°N 90°W / 33°N 90°W / 33; -90
Kart som viser Mississippi.
Kart som viser Mississippi.
Kart som viser Mississippi.
Wikimedia Commons: Mississippi (state)
Nettstad: ms.gov

Mississippi er ein delstat i Sambandsstatane. Hovudstaden er Jackson. Mississippi ligg søraust i landet og er ein av sørstatane

Staten har namn etter Mississippielva.

Mississippi, som har eit område på 125 546 km² og rundt 2,9 millionar innbyggjarar, grensar til Tennessee i nord, Mexicobukta i sør, Louisiana og Arkansas langs Mississippielva i vest og Alabama i aust.[1]

Mississippielva renn langs den vestlege grensa mot Arkansas. Pearl River dannar den nedste delen av grensa mot Louisiana ned mot Mexicobukta.

Delstaten Mississippi består for det meste av lågland. Det høgaste punktet i staten, Woodall Mountain ved foten av Cumberlandfjella, stig 246 meter (807 fot) over havet. Den gjennomsnittlege høgda i staten er 91 m (300 fot) over havet.

  1. Reference Map of Mississippi (MS). Nations Online Project. Vitja 19. mars 2018.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Mississippi