Hopp til innhald

Badelandet i Kristiansand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Badelandet i Kristiansand
Opna25. juni 2010; 14 år sidan (2010-06-25)

Badelandet (tidlegare «Sommarøya») ligg utanfor Kristiansand i Agder, ved grensa til Lillesand. Badelandet, som opna 25 juni 2010, er ein del av Kristiansand Dyrepark. Badelandet skulle ha namnet «Vannvittigland» men namnet måtte endrast etter klager frå Bø Sommarland fordi Bø Sommarland brukte ordet «vanvitig» i marknadsføring av badelandet sitt. Dei kravde at badelandet droppa «Vannvittigland».[1]

I 2021 hadde Badelandet (inkludert Dyreparken) 1 124 977 besøkjande.[2]

Badelandet opna for første gong i 2010 og er ein del av det større komplekset som utgjer Kristiansand Dyrepark, ein av Noregs mest kjende turistattraksjonar. Dyreparken vart etablert i 1966 og har sidan utvikla seg til å inkludera ei rekkje attraksjonar, inkludert Badelandet. Parken ligg på Sørlandet, omtrent 12 kilometer aust for Kristiansand sentrum, og er lett tilgjengeleg både med bil og kollektivtransport. Dette har ført til at badelandet har vorte til ein av dei mest besøkte vassparkane i Noreg.

Vannvittigland

[endre | endre wikiteksten]

Byggjearbeidet byrja i september 2009 etter ein nøye planleggingsfase. Målet var å skapa ein gigantisk vasspark som kunne tilby både moro og avslapping for besøkjande i alle aldrar. Prosjektet involverte konstruksjonen av fleire vassklier, bølgjebasseng, lazy river, barnebasseng, og andre attraksjonar. Byggjearbeidet vart gjennomført i løpet av vinteren og våren, trass i utfordringar som vêrforhold og logistikken med å få alle materiala på plass.[3]

Kort tid etter at byggjearbeidet starta, oppstod ein konflikt om namnet «Vannvittigland». Bø Sommarland, ein annan populær vasspark i Noreg, sende klager fordi dei allereie brukte ordet «Vannvittig» i marknadsføringa si. Bø Sommarland meinte at bruken av dette ordet i namnet «Vannvittigland» kunne forvirra besøkjande og skapa konkurransemessige utfordringar. Derfor vart namnet til «Badelandet».

  1. NRK (31. januar 2010). «Dyreparken må bytte navn». NRK (på norsk bokmål). Henta 2. juni 2024. 
  2. «Besøkstall» (på norsk bokmål). Dyreparken. Henta 2. juni 2024. 
  3. Ege, Rune Thomas (8. september 2009). «Dyreparken bygger gigant-badeland». VG (på norsk). Henta 2. juni 2024.