Hopp til innhald

Bakhovudbein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bakhovudbeinet er merka i grønt

Bakhovudbeinet (latin os occipitale) er ein skålforma, firsida knokkel i den nedre bakdelen av hovudskallen. Knokkelen er gjennombora av ei oval opning kalla den store nakkehola (foramen magnum), der kraniehola kommuniserer med ryggmergskanalen.