Neandertalarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Neandertalarar


Neandertalar-skjelett.
Neandertalar-skjelett.

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Primates
Familie: Hominidae
Slekt: Homo
Vitskapleg namn
Homo neanderthalensis
Utbreiing av neandertalarane.

Neandertalarar viser til ei gruppe menneskeapar i slekta Homo som levde i Europa og Vest-Asia frå rundt 200 000 år sidan, fram til dei forsvann frå Asia for rundt 50 000 og frå Europa for rundt 30 000 år sidan.

I kroppsbygnad likna neandertalarar ganske mykje på moderne menneske, men skilde seg særleg frå dei i utforminga av kraniet. Modellar tyder på at dei hadde ein hjerne som var like stor eller større enn den til moderne menneske. Etter dei funna som er gjort var menn rundt 165–168 cm og kvinner rundt 152–156 cm, omtrent same høgd som moderne menneske i samtida si. Dei var truleg sterkare enn moderne menneske, særleg i armar og hender, og tettbygde, noko som truleg gjorde dei betre tilpassa kulde. Neandertalarar åt variert dyrekost frå dyr dei jakta på eller sanka, men særs lite plantekost.

Neandertalarane blei gradvis erstatta av moderne menneske (Homo sapiens). Det er framleis ikkje heilt klart om neandertalane kan kallast ein eigen art, Homo neanderthalensis, eller ein underart nærare i slekt med mennesket, Homo sapiens neanderthalensis, noko som ville innebera at dei to mennesketypane kunne få avkom saman. Det har også vore ei rekkje spekulasjonar rundt utdøydinga deira — om moderne menneske ganske enkelt utkonkurrerte neandertalarane, om dei døydde ut av seg sjølv ettersom klimaet blei varmare, eller om det var konfliktar mellom gruppene.

Oppdaging[endre | endre wikiteksten]

Dei første neandertalarskallane blei funne i Engis i Belgia i 1829 og i Forbes' Quarry på Gibraltar i 1848. Det første større funnet, Neanderthal 1, blei gjort i den vesttyske dalen Neanderthal i 1856, tre år før Darwin gav ut Origin of Species. Funnet omfatta 16 knoklar og knokkeldelar: Toppen av ein skalle, to lårbein, eit tarmbein, tre bein frå høgrearmen og to frå den venstre, delar av eit skulderblad og ribbein.

Rekonstruksjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Tattersall I, Schwartz JH (June 1999). «Hominids and hybrids: the place of Neanderthals in human evolution». Proceedings of the National Academy of Sciences 96 (13): 7117–9. doi:10.1073/pnas.96.13.7117. PMC 33580. PMID 10377375. 
  • Richards MP, Pettitt PB, Trinkaus E, Smith FH, Paunović M, Karavanić I (June 2000). «Neanderthal diet at Vindija and Neanderthal predation: the evidence from stable isotopes». Proceedings of the National Academy of Sciences 97 (13): 7663–6. doi:10.1073/pnas.120178997. PMC 16602. PMID 10852955. 

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Neandertalarar