Balthasar van der Ast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Balthasar van der Ast
Balthasar van der Ast - Tulip - WGA01050.jpg
Fødd 1593
Middelburg
Død

7. mars 1657
Delft

Sjanger stilleben, blomstermåleri
Yrke botanisk illustratør, kunstmålar

Balthasar van der Ast (ca. 15931657) var ein nederlandsk målar. Han er kjend for stillebena sine med blomar og frukt, konkyliar, skjel og insekt.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Stilleben med frukt og blomar, 1620-21
Stilleben med skjel, ca. 1640

Balthasar van der Ast vart fødd i provinsen Zeeland. Familien hans levde godt av handelen med ull. Han vart foreldrelaus i unge år, og budde hos ein bror til også denne døydde i 1609. Deretter flytta han til systera Maria, ho var gift den framgangsrike målaren Ambrosius Bosschaert (1573–1621).

Balthasar van der Ast byrja i lære hos Bosschaert, og dei tidlege verka hans viser tydeleg påverknad frå Bosschaert. Seinare skulle han sjølv lære opp dei tre sønene til Boscchaert, etter far deira var død. Alle måla stilleben og vart kalla Bosschaert-dynastiet.

Ast fylgde familien Bosschaert då familien flytta til Bergen op Zoom i 1615 og i 1619 til Utrecht. I Utrecht fekk han plass i Sankt Lukasgildet, målarlauget i byen. Omtrent samstundes vart Roelant Savery teken inn i lauget, ein målar som dei neste åra skulle påverke Balthasar van der Ast sin stil, og særleg hans interesse for fargetonar. Jan Davidsz. de Heem var truleg elev av Ast i Utrecht. Ast budde i Utrecht til 1632. Han flytta då til Delft og slutta seg til det lokale Lukasgildet den 22. juni 1633. Resten av livet var han aktiv i Delft, der han også døydde.

Balthasar van der Ast sine stilleben viser ofte insekt og firføttingar. Gjennom insekta kunne han vise at alt jordisk går over. Sameleis er det med blomane, som veks og visnar. Difor blanda han ofte i måleria sine saman blometypar som blomstrar til ulike tider i vekstsesongen og året.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Balthasar van der Ast