Hopp til innhald

Delft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Delft
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Nederland
Provins Zuid-Holland
Areal 26,31 km²
Folketal 109 435 (1. november 2023)
Kart
Delft
52°00′42″N 4°21′33″E / 52.011666666667°N 4.3591666666667°E / 52.011666666667; 4.3591666666667
Kart som viser Delft.
Kart som viser Delft.
Kart som viser Delft.
Wikimedia Commons: Delft

Delft er ein kommune og by i Nederland i provinsen Zuid-Holland. Han ligg mellom Rotterdam og Haag. Delft er hovudsakleg kjend for det typiske nederlandske bysentrumet (med kanalar) og for målaren Vermeer, delftfajanse og for tilknytinga til kongefamilien.

Byen oppstod på 1200-talet og fekk byrettar i 1246.

Delft fekk tilknyting til Huset OranienVilhelm I av Oranien, med kallenamnet «Vilhelm den stillferdige» busette seg her i 1572. Vilhelm var leiaren på denne tida under kampane mot Spania i åttiårskrigen.

Delft var ein av dei leiande byane i Holland og var utstyrt med bymurar. Då Vilhelm vart skoten i 1584 av Balthazar Gerards i hallen Prinsenhof, var familien sin tradisjonelle gravplass i Breda i hendene på spanjolane. Han vart derfor gravlagd i Nieuwe Kerk (Nykyrkja) og frå den tid har kongefamilien vorte gravlagd her.

I 1654 vart byen hardt råka og over 100 menneske døydde då eit krutlager med over 40 tonn krut eksploderte.

Sentrum i Delft.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Delft