Balthazar Schnitler
| Balthazar Schnitler | |||
| | |||
| Fødd | 15. januar 1787 Hitra | ||
|---|---|---|---|
| Død | 9. februar 1851 (64 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Yrke | assessor, politikar | ||
| Alle verv |
| ||
Balthazar Schnitler (15. januar 1787–9. februar 1851) var ein norsk jurist og stortingsmann, fødd på Hitra.
Schnitler var son til ein prest. Sjølv vart han cand.jur. i 1808 og arbeidde frå 1812 i morbrorens handelshus i Trondheim. Han var styremedlem i Noregs Bank frå 1833 til han døydde.
Schnitler var ordførar i Trondheim frå mai 1838 og ut same år, deretter 1840-1841. Han var viseordførar i 1842.[1]
Han representerte Trondheim på Stortinget i frå 1827 til 1835 og 1839-44. I 1827 var han sekretær i komiteen om skog- og bergvesen, og medlem av bankkomiteen samt komiteen om slottsbygninga og kjøpstadskatten. På det overordentlege storting 1828 var han sekretær i komiteen om ansvarslova, medan han på 1830-stortinget var sekretær decisjonskomiteen og medlem av bankkomiteen. I 1833 var han sekretær i komiteen om slottsbygninga og medlem av valkomiteen og av protokollkomiteen. Han bad seg fri frå valet i 1836, men vart vald på ny i 1839 då han på Tinget atter var med i valkomiteen samt han var sekretær i bankkomiteen. På Stortinget 1842 var han som i 1833 medlem av valkomiteen og protokollkomiteen. Han vart vald til stortingsmann også i 1845, men bad seg fri og det vart halde eit nytt val.
Schnitler døydde i Trondheim, 64 år gammal.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Mathiesen, Henrik (1920). Trondhjems ordførere og viceordførere: 1837 til 1919. Trondhjem: [s.n.] s. 17 f.f.
- Lindstøl, Tallak (1857-1925) (1914). Stortinget og statsraadet : 1814-1914. B. 1 D. 2 : Biografier L-Ø : samt tillæg. Kristiania: Steen'ske bogtrykkeri. s. 766.
{{cite book}}: CS1 maint: numeric names: authors list (link) - Biografisk informasjon om Balthazar Schnitler ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør
- Einskildmenn
- Fødde i 1787
- Døde i 1851
- Stortingsrepresentantar 1827-1829
- Stortingsrepresentantar 1830-1832
- Stortingsrepresentantar 1833-1835
- Stortingsrepresentantar 1836-1838
- Stortingsrepresentantar 1839-1841
- Stortingsrepresentantar 1842-1844
- Stortingsrepresentantar for Trondheim og Levanger
- Ordførarar i Trondheim
- Norske juristar
- Folk frå Hitra
- Folk frå Trondheim