Bangka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Topografisk kart over Bangka.

Bangka er ei øy i Indonesia og ligg aust for Sumatra, skild frå denne av Bangkasundet. Øya dekker eit areal på 11 910 km² og hadde i 1990 eit folketal på 626 955.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Bangka utgjer saman med øya Belitung ein provins i Indonesia. Bangka ligg rett aust for Sumatra, i nord ligg Sørkinahavet, mot aust på hi sida av Gasparsundet ligg Belitung, i sør er Javahavet. Mestedelen av øya består av lågtliggjande sletter, sumpar, åsar, sandstrender, åkrar med pepar og så tinngruver.

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Øyas største by heiter Pangkalpinang og er hovudstad i Bangka-Belitung-provinsen. Sungailiat er nest største byen på Bangka, medan Muntok i vest er viktigaste hamna. Dei andre større byane er Toboali i den sørlege delen, også gruvebyen Koba ligg i sør. Byen Belinyu heilt i nord er kjend for sin sjømat. På Bangka finst fire hamner; nemnde Muntok og Belinyu, dessutan Sadai heilt i sør og Pangkal Balam i nærleiken av provinshovudstaden.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Frå om lag 1710 har Bangka vore eit av dei fremste sentra for utdriving av tinn. Tinnproduksjonen er monopolisert av staten Indonesia, største smelteverket ligg i Muntok. På øya dyrkar ein mykje pepar, som gjennom ein prosess vert omgjort til salsvara kvit pepar. Sysselsetjinga fordelar seg mellom dei som arbeider i tinngruvene, på palmeolje-plantasjane, på gummiplantasjane, på peparfarmane og fiskarar.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Størstedelen av innbyggjarane er malayar og kinesarar, i hovudsak hakkaer.

I 1930 budde 205 363 menneske på Bangka. Folketalet har tredobla seg dei siste 70 åra.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bangka vart overgitt til Storbritannia av sultanen i Palembang i 1812. To år seinare inngjekk britane ein bytehandel med Nederland, som for Bangka gav frå seg Cochin i India. Øya var okkupert av Japan frå februar 1942 til august 1945. Ho vart del av det sjølvstendige Indonesia i 1949. Øya, og granneøya Belitung, låg tidlegare i provinsen Sumatera Selatan (Sør-Sumatra). Frå 2000 har dei to øyane vore utskild til ein eigen provins, Bangka-Belitung.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]