Banke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elvebanke der ein stor del av banken ligg over vasskorpa.

Ein banke er ei vid grunne i sjø, vatn eller elv, som ofte består av laust materiale som sand eller småstein. Ordet vert òg nytta om havområdet over ei slik grunne, til dømes i samband med fiskebanker. Nokre bankar kan ha delar over vasskorpa.

Satellittbilde av Bahamabankane.

Bankar består ofte av sand, men kan òg bestå av anna granulært materiale som vatnet kan flytte på, som jord, mudder, grus, småstein, rullesteinar og til og med større steinar. Kor store partiklar ein banke består av er knytt opp til kor store bølgjene er eller kor sterke straumane er for å flytte partiklane.

Dei fleste bankar er danna av uorganiske avleiringar som sand og grus, til dømes Doggerbank og Newfoundlandbanken, medan skjelbankar er laga av organisk materiale som muslingar eller korallar, som Bahamabankane. På grunn av landhevinga etter istida kan gamle skjelbanker i Noreg no finnast heilt opp til kring 200 moh.

Skråninga frå ein banke og ned mot djuphavet vert kalla ein egg eller ein bakke, og somme stader er dette fast berggrunn.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]