Fiskebanke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein fiskebanke eller fiskebank er eit grunnare område av ein undersjøisk kontinentalsokkel. Fiskebankane merkar seg ut gjennom rikare bestandar av fisk enne elles i havområda. Kyst- og havstraumar driv langs kysten og kvervlar ofte opp over dei grunne bankane. Omrøringa i vatnet gjev høg produksjon av plankton og trekker slik til seg større mengder beitande fisk.

Lang norskekysten er det ei rekke fiskebankar av varierande storleik. Fiskeria på nokre av desse bankane har spela og spelar ei viktig rolle for norsk næringsliv og økonomi. Mellom desse fiskebankane finn ein Vikingbanken, Storegga, Røstbanken, Tromsøflaket, Nordkappbanken og nokre av bankane i Barentshavet.

Grand Banks søraustfor Newfoundland har historisk vore dei mest kjende fiskebankane i Nord-Atlanteren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Store norske leksikon, 4. bandet