Barbro Martinsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barbro Martinsson


Statsborgarskap Sverige
Fødd 16. august 1935 (88 år)
Gävle
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1968, Vinter-OL 1964, Ski-VM 1962, Ski-VM 1966

Barbro Martinsson, gift Grahn, (fødd 16. august 1935) er ein svensk tidlegare langrennar frå Åsbyggeby ved Valbo i Gästrikland. Ho vann fire stafettmedaljar med Sverige i åra 1962-68.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Martinsson VM-debuterte med å verte nummer 15 på 10 km då Ski-VM 1958 fann stad i Lahti. Ho vart så nummer sju på 10 km under vinterleikane 1960 i Squaw Valley i USA, men fekk ikkje plass på det svenske stafettlaget som vann gull i 3 x 5 km stafett. To år seinare vart ho beste svenske på 10 km med sin sjetteplass under Ski-VM 1962 i Zakopane, ho gjekk då fyrsteetappen på Sverige sitt sølvlag i stafett, Britt Strandberg og Toini Gustafsson gjekk dei andre etappane. Dei same tre løparane tok ein ny stafettmedalje under OL 1964 i Innsbruck, der Martinsson vart nummer sju på 10 km.

Også i Ski-VM 1966 i Oslo tok Martinsson sjette- og sjuandeplass i dei individuelle øvingane. I stafetten måtte trioen Martinsson, Strandberg, Gustafsson nøye seg med bronsemedalje, etter at Noregs ankerkvinne Berit Mørdre overraska og slo Gustafsson i innspurten om sølvmedaljen. Under dei olympiske leikane i Grenoble i 1968 kom Martinsson inn til fjerdeplass i begge dei individuelle tevlingane, på 5 km var 1,3 sekund unna bronsemedaljen. I 3 x 5 km stafett gjekk ho for fyrste gong siste etappen, der ho kom inn til sølv, 21 sekundar etter det norske laget som stod for den fyrste norske triumfen i kvinnelangrenn.

Ho er gift med Sture Grahn, også han langrennar som tevla internasjonalt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.