Bardal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bardal
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg

Bardal
66°13′0″ N 13°24′0″ E

Bardal er ei bygd i Leirfjord kommuneHelgeland. Bygda ligg ved Ranfjorden, Fylkesveg 17 og riksveg 808 og har postnummer 8897.

I Bardal har det vore jektebruk sidan 1611 og handelshus (eit borgarleie) i periodar frå 1695. Bardal har i periodar sokna til Nesna, i andre periodar til Hemnes. Frå 1738 til 1918 høyrde borgarleiet til Hemnes, men den omkringliggande jorda høyrde til Nesna[1]. Ved kongeleg resolusjon 18. oktober 1918 vart borgarleiet Bardal overført frå Hemnes sokn til Nesna sokn og prestegjeld[2].

Ved kongeleg resolusjon 10. juni 1887 blei det tillatt å byggje eit kapell på Bardal der det skulle vere fire gudstenester årleg, etter kongeleg resolusjon 2. mai 1903 seks gudstenester årleg.[3]

Bardal høyrer no til Leirfjord kommune. Bygda har om lag 100 innbyggjarar.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]