Barranquilla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Barranquilla
Bquilla - 17 ago 2007 081.jpg
Styresmakter
Land Colombia
Mayor Elsa Noguera
Geografi
Flatevidd
 - By

166 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)

1 148 506
Koordinatar 10°57′50″N 74°47′47″WKoordinatar: 10°57′50″N 74°47′47″W
Tidssone EST (UTC-5) (UTC)
Diverse anna
Postnummer 080020
Telefon-retningsnummer 57 + 5
Nettstad: www.barranquilla.gov.co
Plassering
Colombia - Atlántico - Barranquilla.svg

Barranquilla (baraŋˈkiʝa) er ein by og kommune som ligg i det nordlege Colombia. Han er einaste storbyen i Sør-Amerika som vart folkesett før han vart grunnlagt formelt. Barranquilla ligg mot kysten av Det karibiske havet, i departementet Atlántico, der han òg er hovudstaden. Barranquilla er den største byen og hamna i den nordlege karibiske kystregionen i Colombia. Hovudstadsområdet hadde ein folkesetnad på 1 885 500 i 2011 i, som gjer han til Colombias fjerde mest folkerike by etter Bogotá, Medellín og Cali.

Barranquilla ligg strategisk ved sida av deltaet til elva Magdalena, 7,5 kilometer frå utmunninga ved Det karibiske havet, og fungerer som hamn for elvetransport og maritim transport i Colombia. Han er òg viktigaste industrielle senter, handelssenter, utdanningssenter og kulturelt sentrum i den karibiske regionen i Colombia. Byen er kjernen i storbyen Barranquilla, som òg omfattar kommunane Soledad, Galapa, Malambo, og Puerto Colombia.

Barranquilla vart offisielt etablerte som ein by den 7. april 1813 sjølv om han var datert frå minst 1629. Han voks til ei viktig hamn, fungerte som ein tilfluktsstad for innvandrarar frå Europa, spesielt under og rett etter første verdskrigen og andre verdskrig, når bølgjer av fleire innvandrarar frå Midt-Austen og Asia kom. Barranquilla vart Colombia si viktigaste hamn, og med graden av industrialisering og modernitet tente byen tilnamnet Colombias Golden Gate (spansk: La Puerta dei Oro de Colombia). I 1940 var Barranquilla den nest største byen i Colombia og ein av dei meste moderne byane i Karibia og i Sør-Amerika, medan han seinare, førte lokale administrasjonar til ein nedgang i levestandard, grunna utbreidd korrupsjon. Ettersom offentlege investeringar auka i andre colombianske byar, vart Barranquilla sin nasjonale posisjon overskygd.

Byen er heim til ein av dei viktigaste folke- og kulturfestivalar i Colombia, Carnival of Barranquilla, som vart erklært som nasjonal kulturarv ved kongressen i Colombia i 2001 og anerkjent av UNESCO i 2003.[1] Ernesto Cortissoz International Airport, vart bygd i Barranquilla i 1919, og vart den første flyplassen i Sør-Amerika. Lufthamna er del av innanlandske og internasjonale flygruter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Barranquilla