Hopp til innhald

Departement i Colombia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Colombia er ein einskapleg republikk danna av trettito departement, (spansk: 'departamentos') og eit hovudstadsdistrikt (Distrito Capital). Kvart departement har ein guvernør (gobernador) og eit styre (Asamblea departamental), begge valde ved folkerøysting for ein fireårsperiode. Guvernøren kan ikkje velgast att i påfølgjande periodar. Departement er dei administrative hovudinndelingane av landet og blir gjevne ei viss grad av sjølvstyre.

Departement er danna av ei gruppering av kommunar (municipios). Kommunestyret blir leidd av ordføraren (alcalde) og blir administrert av eit kommunestyre (Concejo kommunal), som begge veljast for fire år av gongen.

Hovudstadsdistriktet er hovudstaden i landet, Bogotá. Bogotá er dels avhengig av Cundinamarca-departementet som omgjev byen.

Urfolksterritorium

Colombias urfolksterritorium er oppretta etter avtale mellom regjeringa og dei einskilde urfolkssamfunn. I tilfelle kor urfolksterritorium dekker meir enn eit departement eller ein kommune, vil lokale styresmakter i fellesskap forvalte urfolksråda for slike territorium, som fastsett i artikkel 329 og 330 av grunnlova i Colombia. Urfolksterritorium kan òg ha karakter av kommune viss dei oppfyller krava i loven. Ein finn dei fleste urfolksterritorium i departementa Amazonas, Cauca, La Guajira, Guaviare og Vaupés.[1]

Oversyn over alle departementa

[endre | endre wikiteksten]

Klikk i kartet for å åpne artikkelen for eit departement.

DepartementHovudstad
1Flagget til Amazonasdepartementet AmazonasLeticia
2Flagget til Antioquia AntioquiaMedellín
3Flagget til Arauca AraucaArauca
4Flagget til Atlántico AtlánticoBarranquilla
5Flagget til Bolívar BolívarCartagena
6Flagget til Boyacá BoyacáTunja
7Flagget til Caldas CaldasManizales
8Flagget til Caquetá-departementet CaquetáFlorencia
9Flagget til Casanare-departementet Casanare  Yopal
10Flagget til Cauca-departementet CaucaPopayán
11Flagget til Cesar-departementet CesarValledupar      
12Flagget til Chocó-departementet ChocóQuibdó
13Flagget til Córdoba-departementet CórdobaMontería
14Flagget til Cundinamarca-departementet CundinamarcaBogotá
15Flagget til Guainía-departementet GuainíaInírida
16Flagget til Guaviare GuaviareSan José del Guaviare
17Flagget til Huila HuilaNeiva
DepartementHovudstad
18Flag of Nueva Esparta La Guajira  Riohacha
19Flagget til Magdalena MagdalenaSanta Marta
20Flagget til Meta MetaVillavicencio
21Flagget til Nariño NariñoPasto
22Flagget til Norte de Santander Norte de SantanderCúcuta
23Flagget til Putumayo PutumayoMocoa
24Flagget til Quindío QuindíoArmenia
25Flagget til Risaralda RisaraldaPereira
26Flagget til San Andres, Providencia and Santa Catalina San Andrés, Providencia
og Santa Catalina
San Andrés
27Flagget til Santander SantanderBucaramanga
28Flagget til Sucre SucreSincelejo
29Flagget til Tolima-departementet TolimaIbagué
30Flagget til Valle del Cauca Valle del CaucaCali
31Flagget til Vichada VaupésMitú
32Flagget til Vichada VichadaPuerto Carreño
33Flag of Bogotá BogotáBogotá
Referansar
  1. Colombiaya.com (red.). «Division Política de Colombia». Arkivert frå originalen 10. april 2013. Henta 9. april 2015.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Departement i Colombia