Basseng i geologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Eit basseng i geologi er eit avgrensa område av jordskorpa der det har hopa seg opp tjukke avleiringar (sedimentbasseng). Basseng kan variere i storleik frå nokre få kilometer til over 500 km i lengd og opptil over 20 km djupn. Ein kan finne basseng inne på kontinenta, men dei er vanlegast og størst langs randa av kontinenta, på grensa mot havområda (sjå platetektonikk).

Mange av dei geologisk yngre bassenga inneheld djuptliggande sedimentære lag der det opphavleg var eit høgt innhald av organisk material, sjå kjeldebergart. Her kan det ha utvikla seg olje og gass som har vandra ut og samla seg til drivverdige førekomstar i nærliggande porøse reservoarbergartar. Dei kring 600 sedimentbassengane rundt om i verda har vist seg å vere interessante som leiteområde for petroleum.

I Nordsjøen er det eit breitt basseng med opptil 3500 meter tjukke avleiringar frå tertiærtida. Under dette bassenget finst eit langstrekt basseng som er avgrensa av forkastingar og inneheld fleire kilometer tjukke avleiringar frå perm til krit, som Vikinggraben og Sentralgraben.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]