Bassenthwaite Lake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bassenthwaite Lake
innsjø
Bassenthwaite Lake.jpg
View from Blackstock Point
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Tilsig Derwent
Newlands Beck
Utløp Derwent
Nedslagsfelt 237 km²
Høgd over havet 68 moh
Lengd 6,4 km
Breidd 1,3 km
Areal 5,1 km²
Største djupn 21 m
Kystlengd1 18,2 km
Koordinatar 54°39′N 3°13′WKoordinatar: 54°39′N 3°13′W
Øyar 0
Wikimedia Commons: Bassenthwaite Lake
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Bassenthwaite Lake er ein av dei største innsjøane i Lake District i England. Han er lang og smal, om lag 6,4 km lang og 1,3 km brei, men særs grunn, på det djupaste berre 21 meter.

Han er den einaste innsjøen i Lake District som har ordet lake i namnet. Elva Derwent renn gjennom innsjøen. Innsjøen ligg ved foten av Skiddaw, nær byen Keswick.

Sørenden av Bassenthwaite Lake

Vegen A66 går om lag frå nord til sør langs vestsida av innsjøen. Møteplassane langs vegen er populære stoppestader for fotografar og fuglekikkarar som ser etter fiskeørn.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Som dei andre innsjøane i Lake District har Bassenthwaite Lake oppstått i ein bredal etter den siste istida. Vatnet frå Bassenthwaite Lake renn vidare til Derwent Water via Derwent, som renn 4,5 km mellom dei to innsjøane.

Biologisk mangfald[endre | endre wikiteksten]

Tilsigsområdet til innsjøen er eit av dei største i Lake District.

Innsjøen inneheld laks, aure, gjedde, åbor, ørekyte, gullbust, hork og ål, men den dominerande arten er mort, som ein trur vart sett ut i innsjøen. Her finst òg haustsik, som ein av berre to stader i England. Skarv er observert ved innsjøen, og ein kan òg sjå hegre. Sidan 2001 har fiskeørn hekka regelmessig ved innsjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]