Hork

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hork
Hork
Hork
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av hork
Utbreiinga av hork
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Orden: Piggfinnefiskar Perciformes
Underorden: Percoidei
Overfamilie: Percoidea
Familie: Åborfamilien Percidae
Slekt: Gymnocephalus
Art: Hork G. cernua
Vitskapleg namn
Gymnocephalus cernua

Hork er ein liten ferskvassfisk i åborfamilien. Han er utbreidd i mellom- og nord-Europa frå Frankrike til Sibir, i tillegg til ein engelsk bestand. I Noreg finst arten naturleg på Austlandet frå Mjøsa og sørover.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Hork liknar åbor, men er mindre og manglar fargeteikningane til den større slektningen. Han er grågrøn til brun med mørke prikkar, og dei to ryggfinnane heng saman. På hovudet har han eit sett gropar som skil ut slim, og på gjellelokka har han piggar.

Horken er vanlegvis ikkje lenger enn 14 cm, men sør i Europa kan han bli så lang som 25 cm.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Hork heldt seg helst i botnsjiktet i innsjøar, tjern og ved elvebreidder. Han trivst best på litt djupare vatn med sand- og mudderområde. Arten er aktiv både og dagen og om natta, og finn vegen godt i mørket ved hjelp av sidelinjeorganet. Han er altetar, og lever for det meste av fjørmygglarver, amfipodar, makk, fiskeyngel, rogn og blautdyr.

Gytetida er seint på våren, og horken gyter på grunt vatn ved 12-15 °C. Egga vert fest til stein og vassplanter, og klekker etter ei eller to veker. Larvane måler då om lag 4 mm, og veks sakte. Likevel kan dei bli kjønnsmogne allereie i sitt andre leveår.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Brabrand, Åge: «Hork» i Norges dyr - Fiskene 1, Cappelen 1992
  • Riehl, Rüdiger & Baensch, Hans A.: Akvariets lexikon, Mergus verlag 1997 (svensk utgåve)
  • FishBase


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]