Bautastein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Vigsteinen» ved Gardermoen i Nannestad kommune i Akershus har truleg hatt med eit gravfelt frå jarnalderen å gjere, då det framleis er graver i området
Foto: Tommy Gildseth
Bautasteiner på jarnaldergravfeltet Seby gravfält på øya Øland i Sverige.

Bautastein er ei arkeologisk nemning for avlange og meir eller mindre flate (og som oftast utilhogde) natursteinar som vart reist på høgkant i forhistorisk tid, og som vanlegvis er utan innhogd bilete eller innskrift. Forma og storleiken på bautasteinane kan variera, og ofte er dei plasserte i samband med graver. På garden Noreim attmed Karmsundet i Rogaland er det eit gravsystem som markert med fem bautastenar. Men bautasteinar kan òg ha hatt andre funksjonar, slik det truleg framgår av at fleire bautasteinar i Fana sør for sentrumsområdet i Bergen kan sjå ut til å markere grensa mellom Sunnhordland og Nordhordland, slik ho ifølgje historiske kjelder gjekk i mellomalderen. På Hosle i Tjølling i Vestfold står ein bautastein i det som i tidlegare tider har vore eit viktig drageid i samband med skipsleia, ein stad der båtar vart drege over land frå sjø til sjø. Somme stadar er fleire bautasteinar plasserte i ein sirkel, og slike sirklar har tradisjonelt hatt nemninga dommaringar.

I Noreg er bautasteinar oftast tidfesta til jarnalderen. Men tidfestinga er sjølvsagt vanskeleg eller usikker der bautasteinane ikkje står i samband med ei grav eller anna som kan tidfestast. Det har vore forska lite på denne fornminnegruppa ut over å registrere steinane og dei eventuelle formninna eller anna som dei kan ha vore knytt til.

Menhir de Kerloas, i Plouarzel i Finistère, er den største av dei mange såkalla menhirar som framleis står oppreist i Bretagne i Frankrike.

Bautasteinar, eller stein reist på høgkant, er ikkje berre eit skandinavisk forhistorisk fenomen, men finst mange stadar i verda. I Vest-Europa finst det til dømes framleis store reiste steinar og rekker av store reiste steinar som ein reknar med skriv seg attende til yngre steinalder, og som har fått nemninga menhirar.

Bautasteinar med innhogde bilete og/eller runeinnskrifter vert kalla biletsteinar og runesteinar.

I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

  • Obelix, ein figur i teikneserien Asterix, arbeider med bautasteinhogging og -leveransar. Bautasteinar spelar i nokre historier ei viktig rolle i plottet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Østmo, Einar & Lotte Hedeager (redaktørar), Norsk arkeologisk leksikon, Oslo 2005, Pax forlag A/S, side 33, ISBN 82-530-2611-0

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bautastein