Bautasteinen Dysa

Koordinatar: 62°18′16″N 6°05′35″E / 62.304324°N 6.093136°E / 62.304324; 6.093136
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

62°18′16″N 6°05′35″E / 62.304324°N 6.093136°E / 62.304324; 6.093136

Bautasteinen «Dysa» på Vartdal i Ørsta kommune

Bautasteinen Dysa er plassert på Vartdal i Ørsta kommune i Møre og Romsdal. Steinen er datert til jarnalder og er freda etter kulturminnelova (kulturminne 73030).

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Steinen er om lag 2,35 m høg, ujamn i kantane og spissar av mot toppen. Breisidene vender mot NV og SO. Han er i dag plassert på privat tomtegrunn, om lag 50 m frå europaveg E39, på den høge terassen opp for fjorden.

Folkeminne[endre | endre wikiteksten]

Bautasteinen står på eit område som tidlegare vart kalla «Dysåkeren», og på Vartdal er det ein tradisjon om at holmgangskjempa Ljot den bleike er gravlagt der. Alv P. Sætre skreiv dette i ein artikkel i Møre-Nytt i 1984: «Som liten gut, når me slo rundt bauten sør for Dysa, hugsar eg at far og bestefar tala om at under bauten låg ei kjempe, som Egil Skallagrim tok livet av. Når han hadde fått han i bakken, så beit han av strupen. Det er ei segjande segn som har levt lenge. Må vel vere den Ljot Bleike som ifylgje andre segner, var holmgangs-mann, og bodde på Vartdal.»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • «Om ord og tydingar» - artikkel i Møre-nytt 25. oktober 1984
  • Bautasteinen Dysa i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren