Egil Skallagrimsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Egil Skallagrimsson
Norsk referanse-kart for Egilssoga

Egil Skallagrimson (norrønt: Egill Skallagrímsson) var ein høvding frå Island i vikingtida. Fødd på Island om lag år 910, og døydde om lag år 990. Namnet er stava på ymse måtar, andre stavemåtar er mellom anna "Egill Skallagrímsson", "Eigill Skallagrimsson", "Egill Skalla-Grímsson" eller "Egil Skallagrimsson". Han var son av Skallagrim Ulfsson (Skalla-Grímr Kveldulfsson) og Bera Yngvarsdottir. Skallagrim Ulfsson hadde i si tid reist frå det norske Vestlandet til Island.

Egil Skallagrimson levde på 900-talet, han var ein stor skald og er rekna som den fremste av dei norrøne diktarane. I soga om Egil Skallagrimson (Egilssoga eller Egils saga) vert det fortalt at han kunne kveda dikt allereie då han var tre år. Truleg er Snorri Sturluson (1179-1241) opphavsmann til Egilssoga. Soga fortel at han gjorde sitt første drap då han var berre sju år gamal. Egil kunne og med trolldomskunstar.

I soga er Egil skildra som ein hard krigar, det òg fortalt om to høve då Egil gjekk holmgang; ein gong mot Atle den skammeGulating og ein annan gong mot Ljot den bleikeSunnmøre. I årevis stod Egil i strid med kong Eirik Blodøks og dronning Gunnhild. Han kjempa både i det seinare Storbritannia, så vel som i andre land kring Nordsjøen.

Kjende kvad av Egil Skallagrimsson:

Born med Asgerd (eller Asgjerd) Bjørnsdottir[endre | endre wikiteksten]

  • Thorgerd Egilsdottir
  • Bera Egilsdottir
  • Bodvar Egilson
  • Gunnar Egilson
  • Thorstein Egilson

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]