Ljot den bleike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Holmgang
teikning av Jake Powning
Raudøya i Ørstafjorden på Sunnmøre. Kjemperøysa ligg fremst på det næraste neset

Ljot den bleike (norrønt: ljótr hin bleiki) var ein berserk og holmgangsmann, kanskje av svensk avstamming, som levde i første halvdel av 900-talet. Han var truleg ein historisk person.

Egilssoga[endre | endre wikiteksten]

I soga om Egil Skallagrimsson[1] (Egilssoga) blir det fortalt at Egil var på reise etter å ha vore på vitjing i Trondheim hos kong Håkon Adalsteinsfostre. I Romsdalen fekk dei seg båtskyss og fór sidan søretter til Møre[Note 1], og … dei kom til ei øy som heiter Hòd [Note 2], og fór til gjestings på den garden, som heiter Blindheim (norrønt: Blindheimi). Der budde lendmannen [Note 3] Fridgeir og Gyda, mor hans, som var syster til Arinbjørn Toresson, ein stormann og herse i Firdafylke. Som ein kan lese i soga, tok Egil på seg å gå holmgang, i staden for Fridgeir, mot berserken Ljot den bleike. Holmgangen stod då på ei øy som vart kalla Vorl og det heile enda med at Ljot vart drepen. Egil gjorde mellom andre dette kvadet[2]:

Freds-spillar er fallen,
fot av Ljot hogg skalden;
fælska mannen fylgde;
Fridgeir no får ro att.
Fell sás flest et illa,
fót hjó skald af Ljóti,
ulfgrennir hefr unnit,
eir veittak Friðgeiri;

Etter som dette hende i styringstida til Håkon Adalsteinsfostre, må denne holmgangen ha funne stad ein gong mellom åra 933 til 961, helst på slutten av perioden og altså for godt over tusen år sidan. Soga seier ikkje noko konkret om kvar helst øya Vorl låg, og heller ikkje noko om kvar helst Ljot vart gravlagt.

Den gjeldande versjonen av denne soga konkluderer med at Blindheimi, garden til lendmannen Fridgeir, «måtte» lokaliserast til Vigra, der ein seinare på 1100-talet fann hovdusetet for Blindheimsætta, og dermed blir òg lendmannen Fridgeir av ætterforskarar noko spekulativt rekna som den eldste «stamfaren» for denne ætta.

Det finst inga øy på Sunnmøre som heiter Vorl. Etter sogeteksten måtte holmgangsøya ligge nokså nær heimegarden til Fridgeir, og ut ifrå ein viss namnelikskap har det blitt etablert som mest truverdig at Vorl må ha vore eit gamalt namn på Valderøya (vorl liknar på valdr). I den norrøne ordboka er denne tydinga adoptert fullt ut og der kan ein lese: Vorl er eit øynamn, jfr Valderhaug.

Lokalisering av holmgangsøya[endre | endre wikiteksten]

Ei nokså tvilsam slutning i den norske omsetjinga av Egilssoga, vedr. lokaliseringa av Blindheim, er skildringa om at Egil kom til øya Hod og derifrå skulle ha reist til Vigra. Ein som er litt kjend med geografien på Sunnmøre, vil med ein gong stusse litt over ei slik reiserute; dei kom altså nordanfrå og måtte først ha segla rett forbi Vigra, og då dei kom til Hod måtte dei ha vendt om og segla attende (om lag 28km!).

Blindheim eller Alme?[endre | endre wikiteksten]

I boka Beskrivelse over Fogderiet Søndmør[3] (trykt i 1766) viste presten Hans Strøm til eit folkeminne frå Sunnmøre; på garden Alme ved Vartdalsfjorden var det Beboernes meget rimelige Meening at det var der lendmannen Fridgeir hadde budd. Han hadde òg funne i ein versjon av Eigil Skallagrims Krønike der namnet på Fridgeir sin gard var tyda til Alfheim. Og ikkje nok med det, Hans Strøm peikte òg på at Alme er nemnt i dei norrøne sogene i ein annan samanheng: i soga om jomsvikingane, noko som kunne tyde på at garden på den tida var ein sentral gard i regionen. Hans Strøm karakteriserte garden som ein god gard. Garden ligg i terreng som hallar ned mot fjorden og han var dermed sjølvdrenerande, noko som viktig for ein gard i eldre tider. Han ligg òg solvend og i ly for nordavinden, og kan ha hatt karakter av ein hovudgard og eit lendmannssete.

Vorl eller Vors?[endre | endre wikiteksten]

Hans Strøm skriv at han har opplysningane sine frå folkeminne i regionen. Han har fått høyre at det er «Indbyggeres almindelige Meening» at holmgangen mellom Ljotr og Egil skjedde på Raudøya ytst i Ørstafjorden og at Ljot den bleike skal ha blitt gravlagt på Raudøya, ..hvor der endnu sees en stor Kiempe-grav med en Liig Kiste af Steen …

I dei norrøne kjeldene til Egilssoga, finn ein at namnet på holmgansøya er skrive både som Vorl, Vors eller Vòrs. Både i Finnur Jónsson[4] si omsetjing frå 1886-88 og Valdimar Asmundarson[5] si omsetjing frå 1892 finst teksten: ey ϸa er Vors heitir. Om ein går heilt attende til det eldste pergamentbladet der soga er nedskriven, finn ein det i Möðruvallabók[6] som no kan lesast på nettet. Der er, på blad 88v, øynamnet utan tvil skrive som Vors.

Kanskje det såleis til og med er rettare å hevde at øya etter soga hadde namnet Vors. Dette er sjølvsagt heller ikkje noko eintydig namn, men tydinga «Valderøya» fell då bort! Ei øy med namn Vors (eller Vorl for den saks skuld) finst ikkje i dag på Søre Sunnmøre, og holmgangsøya må ha fått eit nytt namn ein gong i tida, like gjerne Raudøya som noko anna.

Ein må tru på Hans Strøm sin observasjon om at det på hans tid fanst ei gravrøys på Raudøya, der ein kunne sjå steinheller som låg forma som ei lik-kiste. Arkeolog Per Fett[7] gjorde registrering av røysene på Raudøya i 1950. Han fann ikkje spor etter steinkista, men skreiv at røysa visseleg hadde vore høgare, og søraustre halvparten var blitt køyrt på sjøen.

Slutning[endre | endre wikiteksten]

Det er særs truleg at noko av det sentrale innhaldet om holmgangen i den gjeldande versjonen av Egilssoga er feil, og ein må vedgå at mykje talar for at Hans Strøm hadde rett i si tolking. Dersom ein kan gjere den slutninga at gardsnamnet Blindheim [Note 4] er feil og det rette namnet verkeleg skal vere Alme eller Almund, då kan det knappast finnast noko anna forklaring enn at holmgangen skjedde på Raudøya og at Ljot den bleike vart gravlagt der, i den gravrøysa som i dag blir kalla Kjemperøysa.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Etter som han reiste sørover frå Romsdalen må det vera Syndmøre som er meint.
  2. Tydinga av Hod: Hareid på norrønt = Haðareið. Første lekken er genitiv av namnet på øya Hǫð (ref. O. Rygh)
  3. Lendmann, lendmenn, i norrøn tid i Noreg var menn som fekk inntekter av kongens «land», dvs. jordegods, mot å verje landefreden og ta seg av visse administrative funksjonar i sitt distrikt. Lendmennene vart vanlegvis valde frå bygdearistokratiet, og stillinga og tittelen var formelt ikkje arveleg.
  4. Det kan finnast ei anna forklaring på bruken av namnet «Blindheim». I Ørskog var der i mellomalderen ein gard som heitte Moar. På 1600-talet vart ein del av garden lagt under Giskegodset og etter det vart han kalla Giskemo. Dersom Alme i eldre tid høyrde til «Blindheimsgodset», kan garden ha vore omtala som «Blindheim-Alme».

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Egilssoga omsett av Leiv Heggstad (Samlaget 1950) Avsnittet: Egil feller Ljot den bleike i holmgang
  2. Lausaviser Arkivert 2016-03-01 ved Wayback Machine. av Egil Skallagrimsson
  3. Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør av Hans Strøm (1766) - side 411 (Kiæmpe-Grav)
  4. Egils saga Skallagrímssonar ved Finnur Jónsson (København 1886-188) side 235
  5. Egils Saga Skallagrimssonar ved Vald. Asmundarson (Reykjavik 1892) Kapittel 64
  6. Möðruvallabók AM 132 fol. blad 88v (AM 132)
  7. Førhistoriske minne på Sunnmøre Ørsta prestegjeld – av Per Fett (1950)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]