Beastie Boys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Beastie Boys
Beastie Boys Compo.jpg
Adam Horovitz, Adam Yauch og Michael Diamond i 2007.
Sjanger Hip-hop
Aktive år 1981-2012
Plateselskap Rat Cage, Def Jam, Capitol og Grand Royal
Nettstad www.beastieboys.com
Tidlegare medlemmer
Adam «Ad-Rock» Horovitz
Michael «Mike-D» Diamond
Adam «MCA» Yauch
John Berry (gitar)
Kate Schellenbach (trommer)

Beastie Boys var ei amerikansk, «kvit» hip-hop-gruppe frå New York by som blei kjend med låter som «Sabotage», «Intergalactic», «Body Movin'» og «(You Gotta) Fight for Your Right (To Party)». Frå 1984 til 2012 bestod gruppa av trioen Adam Horovitz, Michael Diamond og Adam Yauch.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Oppstart[endre | endre wikiteksten]

Pønkbandet Beastie Boys på turné med Regan Youth.
Foto: Glen E. Friedman

Beastie Boys blei opprinneleg danna som eit pønkrockband i juli 1981, med vokal av Michael Diamond, John Berry på gitar, Adam Yauch på bass og Kate Schellenbach på trommer. Dei gav ut EP-en Polly Wog Stew i november 1982. John Berry forlét gruppa seint i 1983 og vart erstatta av gitaristen Adam Horovitz. Den fyrste hip-hop-låta gruppa tok opp, var basert på ei tulleoppringing til spisestaden Carvel Ice Cream. Songen fekk namnet «Cooky Puss» og blei ein undergrunnshit i New York då han kom ut.

Etter suksessen med «Cooky Puss», begynte Beastie Boys å leiga inn ein student som DJ til konsertane sine. DJ-en var Rick Rubin, som snart danna plateselskapet Def Jam Records. På denne tida signerte Beastie Boys kontrakt med Def Jam og Kate Schellenbach forlét gruppa. Dei tre gjenverande medlemmane bestemte seg for å danna ein rap-trio og tok artistnamna Ad-Rock, Mike-D og MCA. I 1985 la dei ut på turnéen Raise Hell saman med Run DMC, LL Cool J, Whodini og Timex Social Club.

Def Jam-åra[endre | endre wikiteksten]

Debutalbumet kom ut i 1986, med tittelen Licensed to Ill. Rolling Stone si platemelding hadde den no legendariske overskrifta «Three Idiots Create a Masterpiece» - Tre idiotar skaper eit meisterverk. Det vart det mest selde rap-albumet i 1980-åra og det fyrste rap-albumet som gjekk heilt til topps på Billboard-lista, der det heldt seg i fem veker. Spora «Fight for Your Right» og «No Sleep till Brooklyn» vart gitt ut som singlar i 1986 og 1987. Turnéen Licensed to Ill var kontroversiell, og nådde toppunktet med den berykta konserten på Royal Court Theatre i Liverpool den 30. mai 1987. Ti minutt etter at bandet hadde kome på scena, utvikla konserten seg til eit opprør, og Adam Horovitz blei arrestert av politiet, skulda for overfall.

Beastie Boys skilde no lag med Def Jam og Rubin og signerte med Capitol Records i staden. Andrealbumet Paul's Boutique (1989) var artistisk mognare, inneheldt svært mykje sampling og vert framleis rekna som eit av dei sterkaste albuma frå gruppa. Rolling Stone har rangert det som nr. 156 på si Greatest Albums of All Time-liste. Albumet selde i om lag ein million eksemplar, og hovudsingelen «Hey Ladies» kom opp på 36. plass på den amerikanske singellista.

Check Your Head og Ill Communication[endre | endre wikiteksten]

I 1992 kom Check Your Head ut, eit meir eksperimentelt album der medlemmane hadde begynt å spela instrument igjen. Songane «So What'cha Want», «Pass the Mic», «Lighten Up», «Something's Got to Give» og «Time for Livin'» var alle på denne plata. Sistnemnte var ein coverlåt der Sly & The Family Stone hadde origionalen. Albumet selde til dobbel platina i USA, og nådde tiandeplass på Billboard-lista. Same året starta gruppa sitt eige plateselskap, Grand Royal, som dei eigde fram til 2001. Dei gav også ut bladet Grand Royal Magazine ein periode.

Beastie Boys sitt fjerde album kom ut i 1994. Ill Communication vart godt motteke av publikum, som sende det rett til topps på Billboard. Singelen «Sabotage», med musikkvideo av Steve Jonze fekk mykje speletid på MTV. «Get It Together» og «Sure Shot» blei også store hits. I 1995 var populariteten til Beastie Boys så høg at alle billettane til ein USA-turné forsvann på nokre få minutt. Ein dollar for kvar selde billett frå denne turnéen gjekk til lokale veldedige føremål.

Hello Nasty[endre | endre wikiteksten]

Gruppa tok opp det femte albumet sitt i New York. Hello Nasty frå 1998 vart prega av samarbeid med DJ-en Mix Master Mike, noko som endra musikkstilen deira. På omslaget var det bilete av dei tre medlemmane som låg inni ei halvopen sardinøskje. Denne gongen toppa dei salslistene ikkje berre heime, men også internasjonalt. Mellom anna toppa albumet salslistene i Sverige, Tyskland og Australia, og kom på andreplass i så ulike land som Japan, Finland og Israel. Hovudsingelen og den største hiten frå plata var «Intergalactic». Musikkvideoen, laga av Adam Yauch, viser ein utanomjordisk kjemperobot som slåst mot ein skapning med blekkspruthovud og Beastie Boys som rappar i japanske vegarbeidsuniformer. Også «Body Movin», «The Negotiation Limerick File» og «Remote Control» kom ut som singlar frå plata.

I 1999 vann Beastie Boys to Grammy-prisar, både for beste alternative musikkalbum (Hello Nasty) og for beste rap-opptreden («Intergalactic»). Under MTV Awards for 1999 vann dei prisen for beste hip-hop-video, igjen med «Intergalactic». Under MTV Awards 1998, då gruppa vann Video Vanguard Award for sine bidrag til musikkvideoen, nytta Adam Yauch høvet til å ytra seg kritisk om aktuelle politiske tema, m.a. om muslimar som blir urettferdig stempla som terroristar, og amerikansk utanrikspolitikk i Midtausten. [1] Den politiske aktivismen til bandet tiltok etter 11. september 2001. Dei har også halde konsertar til støtte for folket i Tibet. I 2003 gav dei ut ein protestsong, «In a World Gone Mad», mot den amerikanske krigføringa i Irak.

To the Five Boroughs og The Mix-Up[endre | endre wikiteksten]

Beastie Boys på scenen i Barcelona, 2007.
F.v.: Horovitz, Diamond og Yauch.

I 2004 gav Beastie Boys ut albumet To the Five Boroughs, med hovudsingelen «Ch-Check It Out», framleis med høge salstal både i heimlandet og utanfor. Det neste albumet dei gav ut, The Mix-Up frå 2007, var heilt instrumentalt og vann Grammy-prisen for beste instrumentale pop-album i 2008. I 2009 signaliserte dei at dei arbeidde med eit nytt album, som skulle få tittelen Hot Sauce Committee. Dette blei delt opp i to album og det fyrste skulle sleppast 15. september same året. Den 20. juli skreiv Yauch på YouTube-kanalen til bandet at fleire konsertar og platesleppet måtte utsetjast fordi det hadde blitt oppdaga ein kreftsvulst i kroppen hans. Beastie Boys kunngjorde no at del ein av Hot Sauce Committee vart utsett på ubestemt tid, mens del to skulle gjevast ut i 2011. To singlar kom ut allereie i 2009, «Too Many Rappers», der Nas er med og rappar, og «Lee Majors Come Again».

Hot Sauce Committee, dødsfall[endre | endre wikiteksten]

Den 27. april 2011 vart Hot Sauce Committee Part Two offisielt gitt ut, og to nye singlar kom: «Don't Play No Game That I Can't Win», saman med songaren Santigold og «Make Some Noise». Del ein er framleis ikkje gitt ut. Etter at Adam «MCA» Yauch døydde av kreft 4. mai 2012, 47 år gamal, har ikkje dei to gjenverande medlemmane laga meir musikk saman. I juni 2014 sa Michael Diamond at dei ikkje ville halda fram karrierane sine som gruppe, som ein lovnad til Adam Yauch. [2]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Licensed to Ill (1986)
  • Paul's Boutique (1989)
  • Check Your Head (1992)
  • Ill Communication (1994)
  • Hello Nasty (1998)
  • To the Five Boroughs (2004)
  • The Mix-Up (2007)
  • Hot Sauce Committee Part Two (2011)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Avsnittet om «Intergalactic» er henta frå artikkelen "Intergalactic (song)" på Engelsk Wikipedia, 02.11.14.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]