Beau de Rochas-syklusen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Beau de Rochas-syklus)
Trykk-volum-diagramm for Beau de Rochasyklusen.

Beau de Rochas-syklusen er ein termodynamisk syklus, oppkalla etter den franske ingeniøren Beau de Rochas, som fyrst publiserte teorien attom prosessen. Beau de Rochas-syklusen vert nytta i stempelmotorar med innvendig forbrenningar, der forbrenninga foregår under (tilnærma) konstant volum.

Prosessar i syklusen[endre | endre wikiteksten]

Syklusen er sett saman av fire termodynamiske prosessarar:

Det som kjenneteiknar Beau de Rochas-syklusen er at forbrenninga skjer under konstant trykk. I forbrenningsmotorar som syg inn ei luft-gassblanding føregår forbrenninga med tilnærma konstant trykk, så desse arbeider etter Beau de Rochas-syklusen. Dette gjeld både firetaktsar og totakts forgassar- og gassmotorar, så frå ein termodynamisk ståstad er det ikkje nokon skilnad på desse. Begge typane arbeider etter Beau de Rochas-syklusen. Det som skil totakts og firetaktsmotorar er måten dei kvittar seg med eksosen og fyller sylinderen med frisk luft-gassblanding.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Beau de Rochas-syklusen vert ofte feilaktig referert til som Ottoprosessen, etter Nikolaus August Otto. Grunnem til dette er at Otto lenge vart rekna som oppfinnaren av firetaktsmotoren, som Christian Reithmann hadde funne opp 17 år tidlegare. Men det var Beau de Rochas som hadde den naudsynte teoretiske kunnskapen til å forstå syklusen frå ein termodynamiske ståstad. Arbeidet til Reitmann og Otto var av meir eksperimental karakter.

Praktisk bruk[endre | endre wikiteksten]

Beau de Rochas-syklusen ligg til grunn for gassmotorar, forgassarmotorar og bensinmotorar med drivstoffinnsprøyting.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]