Bedikàt ḥaméṣ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
To gutar leiter etter chametz.
Foto: Joe Goldberg

Søk etter chametz (hebr. bedikàt ḥaméṣ, ofte skrive bedikat chametz) er eit rituale utført av ortodokse jødar før høgtida pesach. Ritualet går ut på å finna chametz, matvarer som er forbodne under pesach, og brenna dei. Under pesach skal ein eta usyra brød, medan brød baka med surdeig og fem forbodne kornslag er chametz og dermed forbodne. Det er dermed gjerne slikt brød ein leiter etter under ritualet.

Sjølv om jødisk lov føreskriv at ein skal fjerna alle chametz-betar på storleik med ein oliven eller meir, inneber reinsinga før pesach ofte ei større vårreingjering der ein skrubber sprekker i kjøkkenbenken for å vera sikker på at alt som måtte vera av forbode mjøl og gjær er borte.

Det rituelle chametz-søket finn stad kvelden før pesach. Det er tradisjonelt husbonden i ein familie som leiter etter chametz. I nyare tid er det også blitt vanleg å la barna gjera det. Først lyser ein ei signing over søket (על ביעור חמץ, al biyur chametz). Deretter bruker ein levande lys til å leita gjennom alle rom etter smular, som ein børste med ei fjør oppi ei treskei. Ofte blir det plassert nokre småbetar brød i det reingjorte huset for at ein skal vera sikker på å finna noko. Ofte gøymer ein ti betar til minne om dei ti landeplagene.

Etter søket blir det som måtte vera igjen av chametz erklært eigarlaust. Det ein har funne blir brunne dagen etterpå i seremonien biur chametz.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Pesah på Nynorsk Wikipedia og nettstader lista opp under Bakgrunnsstoff

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]