Mjøl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Usikta kveitemjøl.

Mjøl er eit finmale pulver, som oftast laga ved å mala ulike slag korn, men òg med andre plante- og dyredelar som utgangspunkt. Mjøl blir brukt i matlaging og til dyrefôr over heile verda. Som regel inneheld mjøl ei eller anna form for stive.

Den vanlegaste mjøltypen i Noreg og dei fleste vestlege land er kveite. I Asia er rismjøl viktigast, i Afrika blir hirse mykje brukt, og i midtre Amerika er maismjøl hovudtypen.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Ein bruker mjøl til å baka brød og kaker, til å jamna sausar og supper, og til å laga pannekaker, puddingar, pasta, mjølboller og liknande. Mjøl kan òg brukast til andre ting som ikkje har med mat å gjera, til dømes som bindingsmiddel.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Mjøl blir til ved at ein mel korn eller eit anna materiale mellom to harde flatar, til dømes stein eller stål. Mjølet kan malast i ei mylne eller for hand. Etter malinga kan ein skilja frøkviten frå agnene. Fint mjøl er laga berre av frøkviten, den kvite, stiverike delen me finn inni kornet, medan sammalt mjøl òg inneheld dei fiberrike agnene.