Beerot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°49′56″N 35°09′07″E
Beerot
tidlegare busetnad
Land Flag of Israel.svg Israel
Koordinatar 31°49′56″N 35°09′07″E

Beerot
31°49′56″ N 35°9′7″ E
Israel location map.svg
Locator Red.svg

Beerot (hebraisk בארות) var ein bibelsk by som låg 12 km nordvest for Jerusalem.[1] Byen var ein hevittisk busetnad og er nemnd i Josva 9:17, 18:25, Andre Samuelsbok 4:2-3, Esra 2:25 og Nehemja 7:29. Ein annan by kalla Beerot er nemnt i Femte Mosebok 10:6.

Fordi det ikkje finst nokre kjende ruinar frå Beerot er plasseringa av byen omstridd. Dei fleste kjendene er tekstar frå Bibelen, Onomastikon av Eusebius av Cæsarea,[2] merknadane til denne teksten av Hieronymus, og Madabakartet[3] Avstandane Eusebius gjev plasserer Beerot ein stad mellom dagens Biddu og Nebi Samwil.

Byen var ein del av området til hevittane. Han var tilsynelatande styrt frå Gibeon, «ein kongeleg by», som søkte fred etter hebrearane øydela Jeriko og Ai, slik det var skildra i Josva 9. Seinare vart mykje av dette området som først vart teken (inkludert Beerot) gjeven til Benjamin som arv i Josva 18. Byen var så busett fram til det babylonske fangenskapet i 586 fvt., og folket i denne byen kom attende til området 70 år seinare slik det er nemnt i Esra og Nehemja. Om dei bygde opp att byen og budde der er ikkje nemnt i teksten.

Plasseringa av Beerot blei føreslått å vera dagens Al-Bireh av Edward Robinson på midten av 1800-talet.[4] Seinare forskarar meiner staden låg ved Kh. el-Burj nær dagens Beit Iksa.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Locating Biblical Bethel Correctly - Part II
  2. Onomastikon of Eusebius
  3. Madaba Map, christusrex.org
  4. Robinson, Edward; Smith, Eli (1841). Biblical Researches in Palestine, Mount Sinai and Arabia Petraea: A Journal of Travels in the year 1838 2. Boston: Crocker & Brewster.  S. 130-133
  5. Finkelstein, Israel; Lederman, Zvi, red. (1997). Highlands of many cultures. Tel Aviv: Institute of Archaeology of Tel Aviv University Publications Section. ISBN 965-440-007-3. , s. 510 (oppgjeve i Al-Bireh på Engelsk Wikipedia)