Beitostølen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Beitostølen
tettstad
none  Beitostølen
Beitostølen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Oppland
Kommune Øystre Slidre
Areal 0,7 km²
Folketal 351 (2015)
Folketettleik 501 / km²
Postnummer 2953 BEITOSTØLEN
Preposisjon Beitostølen
Wikimedia Commons: Beitostølen

Beitostølen er ein tettstad og vintersportsstad i Øystre Slidre kommune i Oppland fylke. Staden har 351 innbyggjarar (2015), og som namnet fortel var staden opphavleg ei stølsgrend.

På Beitostølen er det fleire hotell og store hytteområde. Det er òg butikkar, serveringsstader og andre tenestetilbod særleg retta mot tilreisande. Staden er kjend som vintersportsstad med alpinbakkar både ved Beitostølen sentrum og i Raudalen, samt langrennsløyper på totalt 320 km.

Her ligg Beitostølen Helsesportsenter, ein rehabiliteringsinstitusjon for funksjonshemma, stifta av Erling Stordahl. Ridderrennet, eit skirenn for funksjonshemma, vert halde på Beitostølen kvart år. Frå 2004 har sesongopninga i verdscupen i langrenn vorte arrangert her. Eit skiskytingsrenn plar òg arrangerast her tidleg i sesongen. I november kvart år skipar Øystre Slidre IL til Beitosprinten.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Oppland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.