Belaja Kholunitsa
Utsjånad
| Belaja Kholunitsa | |||
| Белая Холуница | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Kirov oblast | ||
| Areal | 12 km² | ||
| Folketal | 9 659 (2021) | ||
| Grunnlagd | 1764 | ||
| • Bystatus | 1965 | ||
| Retningsnummer | +7 83364 | ||
![]() Belaja Kholunitsa 58°50′00″N 50°51′00″E / 58.833333333333°N 50.85°E | |||
| Wikimedia Commons: Belaya Kholunitsa | |||
Belaja Kholunitsa (russisk Бе́лая Холуница) er ein by i Kirov oblast i Russland med om lag 10 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Belaja Kholunitsa, ei sideelv til Vjatka, 82 km nordaust for Kirov.
Belaja Kholunitsa vart grunnlagd i 1764 då eit jernverk vart bygd her, som busetnaden Kholunitskij (russisk: Холуницкий). Han vart seinare omdøypt Belokholunitskij (russisk: Белохолуницкий) då elva han låg ved fekk nytt namn. Staden fekk bystatus i 1965.
Verksemder i byen er i hovudsak knytt til handsaming og foredling av trevirke. Det finst førekomstar av jernmalm, leire, grus, kalk og torv på i området rundt byen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Belaja Kholunitsa (by)» frå Wikipedia på bokmål, den 28. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
