Belgae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Belgica og Gallia like før erobringane til romarane

Belgae var ei gruppe stammar som var busette i det nordlege Gallia og mellom Den engelske kanalen og dei vestlege breiddene av Rhinen frå 200-talet f.Kr. eller tidlegare. I verket sitt Commentarii de Bello Gallico om gallerkrigene gav Julius Cæsar ei skildring av desse folka. Både Cæsar og andre klassiske forfattarar omtalte dei som gallarar, men som forskjellige frå «keltiske» gallarar. Ifølgje Cæsar snakka dei eit keltisk språk, men hadde germanske anar.

Den eksakte etniske gruppa deira er omstridd. Ifølgje Cæsar hadde dei andre skikkar og lovar enn dei keltiske gallarane, medan den greske historikaren Strabon på si side tona ned desse forskjellane. Mange språkforskarar går ut frå at dei snakka eit keltisk språk. Arkeologiske bevis, såvel som tekstanalysar og stadnamn, viser likevel at dei hadde genetiske, kulturelle og historiske samband med folka aust for Rhinen, mellom dei germanarane.

Ut frå studiar av lokale stadnamn er det blitt hevda at belgae ikkje snakka keltisk, sjølv om keltisk hadde vore innverknadsriktt blant leiarane i folka som eit medium til omverda. Teorien om den såkalla Nordwestblock går ut på at keltisk ikkje var hovudspråket nord for Ardennane. Nokre språkforskarar opererer med ei teoretisk utdøydd og distinkt grein av indoeuropeisk, som har eksistert i området før den keltiske og germanske innverknaden, og som er blitt kalla gammalbelgisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]