Ben & Tan
Ben & Tan | |||
| |||
Aktiv | 2019– | ||
---|---|---|---|
Sjanger | pop |
Ben & Tan er ein dansk songduo som består av Benjamin Rosenbohm og Tanne Balcells. Duoen møtte kvarandre i 2019, då dei begge deltok i danske X Factor. Året etter vant dei Dansk Melodi Grand Prix med låten «Yes». Med sigeren skulle dei ha representert Danmark i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1][2]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Dei to medlemmane Tanna Amanda Balcells og Benjamin Rosenbohm deltok begge i danske X Factor i 2019. Balcells enda på fjerdeplass som del av gruppa Echo, medan Rosenbohm kom til finalen, der han enda på andreplass.[3] Etter X Factor danna dei to duoen Benn & Tan og melde seg på til Dansk Melodi Grand Prix i regi av Danmarks Radio (DR).
31. januar 2020 kunngjorde DR at Ben & Tan var ein av dei ti finalistane i Dansk Melodi Grand Prix.[4] Bidraget til duoen, «Yes», er skriven av Emil Lei, Jimmy Jansson og Linnea Deb.[3] Låten vart sloppen same dag.[5] Under finalen i København laurdag 7. mars 2020 vann duoen tevlinga med 61 prosent av telefonrøystene i siste runde.[6] Med sigeren skulle Ben & Tan ha representert Danmark i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. Duoen skulle delta i den andre semifinalen torsdag 12. mai 2020. På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19.[7]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Denmark: Ben & Tan win Dansk Melodi Grand Prix 2020 with “Yes”». 7. mars 2020.
- ↑ Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020.
- ↑ 3,0 3,1 «De var benhårde konkurrenter i 'X Factor': Nu vil de sammen vinde årets Melodi Grand Prix» (på dansk). Henta 8. mars 2020.
- ↑ «Kendte stjerner og helt nye navne: Her er alle 10 sange i Dansk Melodi Grand Prix» (på dansk). Henta 8. mars 2020.
- ↑ «Yes by Various Artists» (på engelsk). Henta 8. mars 2020.
- ↑ Jensen, Jacob Heinel. «Ben og Tan: Nu skal vi have tequila-shots!» (på dansk). Henta 8. mars 2020.
- ↑ Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Ben & Tan» frå Wikipedia på bokmål, den 5. desember 2021.