Ben Lomond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Ben Lomond
Vardefjellet
Munro, Marilyn
none Utsyn over Loch Lomond mot Ben Lomond
Utsyn over Loch Lomond mot Ben Lomond
Land Flag of Scotland.svg Skottland
Topp Loch Lomond
 - høgd 974 moh
 - Primærfaktor 819 m
Wikimedia Commons: Ben Lomond, Scotland

Ben Lomond er eit fjell på 974 meter over havet i Dei skotske høglanda. Det ligg på austsida av Loch Lomond og er ein av dei sørlegaste Munros. Ben Lomond ligg i Ben Lomond National Memorial Park og Loch Lomond and the Trossachs nasjonalpark, eigd av National Trust for Scotland. Fjellet er det høgaste punktet i Stirlingshire.

Fjellet er nemnd i den populære folkevise «The Bonnie Banks o' Loch Lomond».

Minnepark og nasjonalpark[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1995 har området kring Ben Lomond hatt status som krigsminnesmerke, kalla Ben Lomond National Memorial Park. Parken er til minne om dei som mista livet i første og andre verdskrigen og vart laga ut av det tidlegare Rowardennan Estate med støtte frå National Heritage Memorial Fund.[1]

I 2002 oppretta den skotske regjeringa Loch Lomond and the Trossachs nasjonalpark, den første nasjonalparken i Skottland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Donald Dewar opens Ben Lomond National Memorial Park». The Scottish Government. 11 November 1997. http://www.Skottland.gov.uk/News/Releases/1997/11/1bcd537f-eaff-469b-baaa-d239f0472582. Henta 2. april 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ben Lomond

Koordinatar: 56°11′26″ N 4°37′59″ W