Bengt Gabrielsson Oxenstierna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bengt Gabrielsson Oxenstierna

Fødd16. juli 1623
Esterna församling
Død12. juli 1702
Stockholm
Tittelgeneralguvernør, Q10655243, Sveriges kanslipresident
Hus eller slektOxenstierna
GravstadUppsala domkyrkje
LandSverige
MorAnna Gustafsdotter Banér
FarGabriel Bengtsson Oxenstierna
EktefelleMagdalena Stenbock
BarnEva Magdalena Oxenstierna, Hedvig Sophia Oxenstierna

Grev Bengt Gabrielsson Oxenstierna (16231702 var ein svensk statsmann, son av syskenbarnet til Axel Oxenstierna, Gabriel Bengtsson Oxenstierna (1586–1656). Han var gift med Magdalena Stenbock.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Etter ei langvarig utdanning og reise utanlands, starta han den diplomatiske karrieren sin ved den store fredskongressen i Osnabrück. Under opphaldet i Tyskland vart han kjend med pfalzgreve Karl Gustav, som seinare vart Karl X av Sverige og dei vart gode vener. To år etter at kongen tok trona i 1654, vart Oxenstierna sendt for å representere Sverige i Kreistag i Niedersachsen. I 1655 reiste han med Karl til Polen og vart guvernør i dei nyerobra provinsane Kulm, Kuyavia, Masovia og Stor-Polen. Det stødige og humane styresettet han synte vann tillitten til innbyggjarane i området, og dei fleste tyske innbyggjarane tok derfor svenskane si side mot polakkane. Då Karl reiste til Danmark i 1657 klarte Oxenstierna i desperate tilhøve, å forsvare Thorn i ti månader, og vilkåra for å overgjev seg vart særs fordelaktige for han under dei påfølgjande fredsforhandlingane i Oliva, mellom Polen og Sverige, då Oxenstierna var ein av dei øvste svensek fullmektige for kongen. Under regjeringa til Magnus de la Gardie hadde han mindre viktige roller. Frå 1662 til 1666 var han generalguvernør i Livland. I 1674 vart han sendt til Wien for å prøve å hindre krig mellom Frankrike og imperiet. Banda han knytte og sympatien han vann der var viktig for den framtidige karrieren hans. Dette gjorde at han vart utpeikt til ein av dei svenske utsendingane til kongressen i Nijmegen (1676).

Fredsbevaring[endre | endre wikiteksten]

I 1680 stolte Karl XI av Sverige fullstendig på at han klarte å styre utenrikssaker, så lenge han klarte å bevare freden. Han heldt stillinga som utanriksminsiter dei neste 17 åra til stor fordel for Sverige. Dei politiske prinsippa hans var basert på venskap til dei maritime maktene England og Dei sameinte Nederlanda, og med keisaren, samt ein eit tett anti-dansk band med huset Holstein. Karl XI peikte Oxenstierna ut som ein av regentane medan Karl XII av Sverige enno var for ung til å styre landet. Den nye krigshissige kongen fylte den gamle, kloke kanslaren med uro. Han protesterte ofte og hardt, og råda Karl til å akseptere dei fredsforslaga til den første anti-svenske koalisjonen under den store nordiske krigen, men det var til ingen nytte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]