Bengt Solheim-Olsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bengt Solheim-Olsen
Fødd18. mai 1968 (55 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, fotballspelar
Alle verv
  • ordførar i Flora (2011–2015)
  • ordførar i Kinn (2023–) Sjå dette på Wikidata

Bengt Solheim-Olsen (fødd 18. mai 1968]] i Florø]]) er ein norsk politikar for Høgre. Han var medlem av Flora bystyre frå 2007 og var ordførar frå 2011 til 2015. I 2023 vart Solheim-Olsen vald til ordførar i Kinn kommune.[1] I perioden 2007–2011 leia han kultur- og oppvekstutvalet i bystyret.

Før han vart ordførar dreiv han skobutikken Sko Olsen AS i Florø. Denne var eigd av familien frå 1897 og fram til han vart slått konkurs i 2023.[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Den nye Floraordføraren heiter Bengt-Solheim-Olsen». Firdaposten. 16. september 2011. Henta 10. oktober 2013.