Benoît Assou-Ekotto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Benoît Assou-Ekotto
Benoît Assou-Ekotto 1.png
Personleg informasjon
Namn Benoît Assou-Ekotto
Fødselsdato 24. mars 1984
Fødestad Arras i Frankrike
Høgd 178 cm
Posisjon Forsvar
Klubbinformasjon
Spelar for Tottenham Hotspur
Draktnummer 32
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2003-06
2006-
Frankrike Lens
Flag of England.svg Tottenham Hotspur
66 (0)
76 (1)
Landslag
2009- Kamerun Kamerun 4 (0)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 20. mai 2010.

Benoît Assou-Ekotto (fødd 24. mars 1984 i Arras i Pas-de-Calais) er ein kamerunsk-fransk fotballspelar som spelar i forsvar for Tottenham Hotspur i engelsk Premier League, og for det kamerunske landslaget. Assou-Ekotto er fødd og oppvaksen i Frankrike med kamerunsk far. Han gjekk frå Lens i Frankrike til Tottenham i 2006 for ein ukjend overgangssum, som media spekulerte i låg på 3,5 millionar britiske pund. Frå 2006 av sa han fleire gonger nei til å spela for Kamerun sitt landslag fordi han håpte å få spela for Frankrike. I 2009 gav han tilsynelatande opp å få spela for Frankrike sitt landslag, og sa ja til Kamerun. Han debuterte for Kamerun 11. februar 2009 i ein vennskapskamp mot Guinea. Han gjekk glipp av Afrikameisterskapen i 2010, men vart med i troppen til fotball-VM i 2010.