Hopp til innhald

Idriss Carlos Kameni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Idriss Carlos Kameni
Personleg informasjon
Fullt namn Idriss Carlos Kameni
Fødd 18. februar 1984
Fødestad Douala
Høgd 186 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Espanyol
Nummer 1
Ungdomsklubbar
Kamerun Kadji Sports
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2000-04
2002-03
2004-
Frankrike Le Havre
Frankrike Saint-Étienne (lån)
Spania Espanyol
3 (0)
0 (0)
179 (0)
Landslag
2001- Kamerun Kamerun 54 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. mars 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 3. august 2008

Idriss Carlos Kameni (fødd 18. februar 1984 i Douala) er ein kamerunsk fotballspelar som spelar som keeper for Espanyol i den spanske fotballigaen, og for det kamerunske landslaget.

Klubbkarriere

[endre | endre wikiteksten]

Kameni fekk gjennombrotet sitt då han som 16-åring vart den yngste fotballspelaren nokonsinne som vann gullmedalje i OL for Kamerun i 2000.[1] Etter dette vart han kjøpt av den franske klubben Le Havre. Han klarde ikkje å oppnå ein fast plass på laget i Le Havre, og heller ikkje i Saint-Étienne då han var på utlån der. I 2003 gjekk han nesten på lån til den engelske Premier League-klubben Wolverhampton Wanderers for ein sesong, men avtalen fall gjennom, då Kameni ikkje fekk arbeidsløyve i Storbritannia.[2]

20 år gammal gjekk Kameni til den spanske klubben Espanyol i Barcelona i juli 2004, for 600 000 dollar.[3] I 2005/06-sesongen spelte han Espanyol sine kampar i den spanske cupen, som Espanyol vann. I 2006/07-sesongen vart han Espanyol sin førstekeeper i serien. I 2008/09-sesongen, då Espanyol lenge stod i fare for nedrykk, var Kameni utsett for to episodar: Først var han nær ved å komma i handgemeng med ein tilhengjar som hadde fornærma han etter ei trening.[4] Deretter hamna han i slagsmål med lagkameraten Grégory Béranger etter trening i mai.[5] Han spelte 37 av dei 38 ligakampane i sesongen, som enda med at Espanyol redda plassen i 1. divisjon.

Landslagskarriere

[endre | endre wikiteksten]

Kameni fekk landslagsdebuten sin allereie som 17-åring. Han var med i Kamerun sin tropp til Afrikameisterskapen i 2002, 2004, 2006 og 2008, og spelte i alle utanom den første. I 2002 var Kameni med i Kamerun sin tropp til fotball-VM, som 18-åring, men utan å spela nokon kampar.

I 2006/07-sesongen vart han kåra til beste afrikanske keeper, etter å ha kome på andreplass i denne kåringa året før.,[6]

Kameni sin storebror, Mathurin, er også fotballkeeper og landslagsspelar for Kamerun.

-