Guinea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Guinea (fleirtyding).
[endre]
République de Guinée

(norsk: Guinea, guineansk)

Det guineanske flagget
Flagg
Nasjonalsong «Liberté»
Motto Travail, Justice, Solidarité
(Arbeid, rettferd, solidaritet)
Geografisk plassering av Guinea
Offisielle språk Fransk
Hovudstad Conakry
Styresett
Leiar for den nasjonale komiteen
for forsoning og utvikling
Republikk
Mamady Doumbouya
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
245 857 km² (78.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
12 413 867 (75.)
50,5 /km² (131.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Portugal
2. oktober 1958
Nasjonaldag 2. oktober
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
15 280 mill. USD (147.)
1 500 USD (187.)
Valuta Guineansk franc
Tidssone UTC
Telefonkode +224
Toppnivådomene .gn


Guinea er ein stat i Vest-Afrika som har grenser til Guinea-Bissau og Senegal i nord, Mali i nord og nordaust, Elfenbeinskysten i søraust, Liberia i sør, og Sierra Leone i vest. Området var ei tid ein fransk koloni kalla Fransk Guinea. Nemninga Guinea-Conakry blir tidvis brukt for å skilja Guinea frå nabolandet Guinea-Bissau og frå Ekvatorial-Guinea.

Med ei flatevidd på 245 857 km² er landet litt større enn Storbritannia. Ein fjellrygg på opptil 1 537 meter går i nord-sørleg retning midt i landet, og er utspring for elvane Niger, Gambia og Senegal. I aust og søraust består Guinea av jungel, med høgland heilt i søraust opp til 1 752 meter på Nimbafjellet, som står på UNESCO si verdsarvliste. Klimaet er varmt og fuktig, med 4 000 mm nedbør i Conakry men gradvis litt mindre fuktig mot aust.

40 % av befolkninga på nærare 10 millionar tilhøyrer fulanifolket, medan om lag 30 % er mandinkafolk og rundt 20 % soussoufolk. Det største språket er fulfulde, men fransk og arabisk er òg utbreidd. Det blir snakka over 24 innfødde språk i landet.

Guinea består av sju regionar. Hovudstaden Conakry er einaste større by med meir enn éin million innbyggarar. Nzerekore følgjer med 150 000 medan Kindia og Kankan har rundt 125 000 innbyggarar kvar. Halvparten av befolkninga i landet er under 17 år, medan 88 % er muslimar og ca. 5 % kristne. Ein reknar med at 56 % av innbyggjarane i landet er analfabetar.

Guinea blei sjølvstendig frå Frankrike i 1958.[1] Det har gått gjennom fleire militærkupp.[2][3][4] I 2010 hadde landet sitt fyrste demokratiske val etter fleire tiår med autoritært styre.[4][5][6] Etter dette har Guinea hatt fleire val, men har framleis hatt problem med etniske konfliktar, utbreidd korrupsjon og misbruk frå militæret og politiet.[6][7] Tortur frå tryggleiksstyrkar og misbruk av barn og kvinner (mellom anna kjønnslemlesting) er blitt nemnde som vedvarande menneskerettsbrot.[8] I 2021 blei president Alpha Condé avsett i eit nytt militærkupp og grunnlova blei mellombels sett til side.[2][3][4]

Økonomien i Guinea byggjer særleg på jordbruk og mineralutvinning.[9] Det er verdas nest største bauxittprodusent, og har rike lager av diamantar og gull.[10] Landet var i sentrum for ebola-utbrotet i 2014.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Landet har offisielt heitt Republikken Guinea, fransk République de Guinée, sjølvstendet til 1978 og igjen frå 1984. I perioden 1978–84 heitte det Folkets revolusjonære republikk Guinea.[11]

Namnet «Guinea» kan visa til heile landområdet rundt Guineabukta. Det er avleidd frå berbarordet aguinaw, ‘svart mann’, eller akal n-iguinamen, ‘landet til svarte menn’. Namnet Guiné blei brukt av portugisarane om store delar av Vest-Afrika. Namnet blei også brukt om den engelske gullmynten guinea, etter gullet som kom herfrå, slaveskip kalla Guinea-man, perlehøns kalla guinea fowl, marsvin kalla guinea pig og øya Papua Ny-Guinea i Stillehavet.[11]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over byar og regionar i Guinea.

Guinea har grense til Guinea-Bissau i nordvest, Senegal i nord, Mali i nordaust, Elfenbeinskysten i aust, Sierra Leone i sørvest og Liberia i sør. Landet har ei halvmåneform frå atlanterhavskysten i vest med ei krumming mot sør i aust. Kjelcene til elvane Niger, Gambia og Senegal finst alle i høglandet i Guinea.[12][13][14]

Landet har ei kystline på 320 km og ei grenselengd på 3400 km. Det ligg hovudsakleg mellom 7 og 13° N og 7 og 15° V, med eit lite område vest for 15°. Nimbafjellet på 1 752 meter er det høgaste punktet i landet.

Guinea er delt inn i fire hovudregionar: Maritime Guinea, også kjend som Nedre Guinea eller Basse-Coté-låglanda, der soussoufolk er den største folkegruppa, det kjøligare, fjellendte Fouta Djallon som går omtrent nord–sør gjennom midten av landet, og er folkesett av fulanifolk, sahelske Haute-Guinea i nordaust, som er folkesett av malinké eller mandinkafolk; og dei skogdekte jungelområda i søraust, der det bur fleire ulike folkegrupper.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kart over Guinea med Köppen sine klimaklassifikasjonar

I denne delen av Afrika flyttar den intertropiske konvergenssona med skyer, regn og torevêr seg nordover og sørover i lag med sola, men ligg vanlegvis fire til seks veker etter. Frå oktober til mars, når sola står lågt på himmelen, er vêret generelt tørt og fint med varme og solrike dagar. Perioden april til september er regntid, og regntida er på sitt mest intense i juli og august. I november er det om lag ikkje noko regn att.

Nord i Guinea er regnsesongen litt kortare enn i Sierra Leone og Liberia. Langs kysten kjem det mellom 3500 og 4000 mm kvart år. I indre område av Guinea, lengst aust mot grensa av Mali, kjem det derimot mindre enn 2000 mm.

Temperaturen held seg høg året rundt på kysten, og under tørketida er han høgare i indre strøk. Under regntida er kystområda meir ubehagelege på grunn av høg relativ fukt, som sjeldan går under 80 % på dagtid. I tillegg vert landet i periodar av tørketida råka av den nordaustleg harmattanvinden, som ofte fører med seg støv og sand.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Det finst fem økoregionar i Guinea: Guineansk fjellskog, vestguineansk låglandsskog, guineansk skog-savannemosaikk, vestsudansk savanne og guineansk mangrove.[15]

Dei ulike habitata som finst i landet gjev Guinea eit svært variert plante- og dyreliv. Nokre artar som finst i landet er:

Historie[endre | endre wikiteksten]

Guinea kan førast tilbake til Ghanariket frå kring år 900, som blei avløyst av kongeriket Sosso omkring 1100-1300. Etter slaget ved Kirina i 1235 tok Maliriket kontroll over heile regionen. Den første varige, sterke statsdanninga i denne vestlege delen av Sahelbeltet var Songhai, men også denne statsdanninga bukka under for borgerkrig etter slaget ved Tondibi i 1591. På denne tiden var allerede portugisarar og spanjolar solid etablerte langs kysten, og Guinea blei eit av fleire senter for slavehandel.

På 1700-talet blei det danna ein muslimsk stat i regionen som gav etterlengta stabilitet. Fulani-muslimar etablerte seg i høglandet på denne tida. Fransk kolonisering frå 1850-åra møtte tildels kraftig motstand, under leiing av Samory Touré.

Formelt blei Guinea ein internasjonalt anerkjent fransk koloni i 1890, med Noel Balley som guvernør. Same år blei den nye hovudstaden Conakry grunnlagd på Tomboøya utanfor kysten. Franskmennene samla besittelsane sine i området i kolonien Fransk Vest-Afrika i 1895.

Ved grunnlegginga av Den femte republikken gav Frankrike under president Charles de Gaulle dei afrikanske koloniane tilbod om sjølvstende, og som einaste koloni erklærte Guinea seg uavhengig 2. oktober 1958. Diktatoren Ahmed Sékou Touré stod for ein nasjonalistisk og isolasjonistisk økonomisk politikk, slo ned indre opposisjon og slutta landet til Organisasjonen av alliansefrie nasjonar. I global politikk pleidde Touré nære band til Sovjetunionen.

Eit portugisiskstøtta kupp- og invasjonsforsøk i november 1970 mislykkast.

Etterfølgjaren, oberst Lansana Conté, styrte landet på udemokratisk vis frå 1984 fram til 2008, med gjennomføring av udemokratiske val der det ikkje var reelle alternativ til statsleiaren. Styret til Conté fekk brei internasjonal kritikk for korrupsjon og hardhendt undertrykking av opposisjonen. Bølgjer av flyktningar frå dei urolege nabolanda Liberia og Sierra Leone gjorde situasjon verre. Avsetting av to statsministrar 2005-2006 blei møtt med generalstreik på nyåret 2007. Conté måtte då godta lønnskrav frå statstilsette og prissubsidiar for ris og bensin.

Meir enn 60 menneske blei drepne i demonstrasjonar og streikar våren 2007. Conté gjekk 27. januar det året med på å utnemna ein samlande statsminister, men innsette sin nære allierte Eugene Camara i februar. Det blei erklært unntakstilstand og det kom nye valdelege samanstøytar mellom fagorganiserte demonstrantar og politiet. 26. februar blei endeleg ein meir samlande kandidat, Lansana Kouyaté, innsett som statsminister etter massivt press frå ECOWAS, EU og FN.

Etter at Conté døydde i 2008 blei han etterfølgd av Moussa Dadis Camara, som tok makta gjennom eit statskupp. Camara pådrog seg internasjonal kritikk då dei militære styrkane hans opna eld mot pro-demokratiske demonstrantar på eit stadium i Conakry. Meir enn 150 menneske blei massakrerte, 1000 andre såra og rundt 100 kvinner blei valdtatt. I desember 2009 blei Camara skoten av ein assistent. Han overlevde, men måtte dra i eksil. General Sekouba Konate innsette ein sivil statsminister, og det blei skipa ei sivil leidd overgangsregjering.

27. juni 2010 blei det halde demokratisk val i Guinea. Den nye presidenten blei Alpha Condé. Han blei avsett ved eit militærkupp i 2021.

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Malinkefiskarar ved Nigerelva

Guinea har rike mineralførekomstar, med reservar på om lag 4 mrd tonn jernmalm, og 25 mrd tonn bauxitt – kanskje halvparten av verdsreservane. Det er òg betydelege kjelder av gull, diamantar og uran. Forholda for landbruk er svært gode, men korrupsjon har hindra investeringar og vekst. Den viktigaste landbruksvara er ris, medan det blir eksportert kaffi, kakao, ananas og bomull. Fisket tek inn ca. 100 000 tonn årleg.

Compagnie des Bauxites de Guinea (CBG) er den viktigaste verksemda i landet med 49 % statleg eigarskap og 51 % eigarskap av Alcoa, Alcan og andre utanlandske eigarar. Compagnie des Bauxites de Kindia (CBK) er eit joint venture mellom staten og Russki Alumina, og eksporterer bauxitt til Russland og Aust-Europa. Alumina Compagnie de Guinée (ACG) er det einaste som driv raffinering av alumina i Guinea. Dei andre selskapa eksporterer rå-bauxitt, men har gått med på avtalar om å anlegga aluminiumsverk i landet.

Andre viktige inntektskjelder er gull- og diamantgruver. Jernmalm bli endå ikkje broten kommersielt i Guinea, men det er gjort førebuingar i jernførekomsten i Simandou i søraust.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Skulejenter i Conakry
Barnearbeid er svært utbreidd i Guinea, som her der ein vinn ut elvesand.

Lesekunna i Guinea er ei av dei lågaste i verda. Eit estimat frå 2010 rekna med at berre 41% av vaksne kunne lesa og skriva (52 % av menn og 30 % av kvinner).[16] Seksårig skulegang er obligatorisk,[17] men dei fleste barn går ikkje på skulen så leng, og mange går ikkje på skule i det heile. I 1999 gjekk 40 prosent av ungane i landet på grunnskule. Ungar, særleg jenter, blir haldne ute av skulen for å hjelpa til med husarbeid eller jordbruk,[18] eller for å bli gifta bort.

Familieliv[endre | endre wikiteksten]

Guinea har eit av dei høgaste tala for barneekteskap i verda.[19] Polygami er generelt forbode i Guinea, men det finst unntak.[20] UNICEF har rapportert at 53,4 % av guineanske kvinner i alderen 15–49 lever i polygame ekteskap.[21] I 2014 blei samla fødselstal i Guinea estimert til 4,93 born per kvinne.[22]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Marknadsbu som sel grønsaker i Dinguiraye prefektur

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Fotball er den mest populære idretten i Guinea,[23] i lag med basketball.[24]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Guinea har ein rik vestafrikansk musikktradisjon. Gruppa Bembeya Jazz blei populær på 1960-talet etter at landet fekk sjølvstende.

Mat[endre | endre wikiteksten]

Guineansk mat varierer mellom dei ulike regionane. Ris er den vanlegaste basismatvara. Kassava er også utbreidd.[25] Guinea høyrer til den vestafrikanske mattradisjonen med rettar som jollof-ris, maafe og tapalapabrød. I landlege område et ein mat frå eit stort fellesfat utandørs, og ein bruker vanlegvis handa til å eta.[26]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. West Africa economic bloc suspends Guinea after military coup, Deutsche Welle (September 8, 2021).
  2. 2,0 2,1 Nicholas Bariyo & Benoit Faucon, Military Faction Stages Coup in Mineral-Rich Guinea, Wall Street Journal (September 5, 2021).
  3. 3,0 3,1 Krista Larson, EXPLAINER: Why is history repeating itself in Guinea's coup?, Associated Press (7. september 2021).
  4. 4,0 4,1 4,2 Danielle Paquett, Here's what we know about the unfolding coup in Guinea, Washington Post (6. september 2021).
  5. Abdourahmane Diallo and Adam Nossiter, Guinea Votes in Its First Democratic Presidential Election, New York Times (November 7, 2010).
  6. 6,0 6,1 Guinea, Freedom in the World, Freedom House, 2021.
  7. Saliou Samb, Guinea President Conde vows to tackle corruption during third term, Reuters (December 15, 2020).
  8. Bureau of Democracy, Human Rights and Labor (2012). «Country Reports on Human Rights Practices for 2011: Guinea». United States Department of State. Henta 27 August 2012. 
  9. «Guinea Conakry: Major Imports, Exports, Industries & Business Opportunities in Guinea Conakry, Africa». Arkivert frå originalen 5 November 2010. Henta 15 October 2014. 
  10. «Guinea Conakry Support – Guinee Conakry Trade and Support. (GCTS)». Arkivert frå originalen 5 January 2015. Henta 15 October 2014. 
  11. 11,0 11,1 Everett-Heath, John (22. oktober 2020). «Guinea» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-190563-6. doi:10.1093/acref/9780191905636.001.0001/acref-9780191905636-e-2735. 
  12. «The Senegal River basin». Fao.org. Arkivert frå originalen 19. oktober 2012. Henta 23. juli 2017. 
  13. «The Niger River basin». Fao.org. Arkivert frå originalen 21 July 2017. Henta 23. juli 2017. 
  14. «The West Coast». Fao.org. Arkivert frå originalen 11. oktober 2012. Henta 23. juli 2017. 
  15. Dinerstein, Eric; Olson, David; Joshi, Anup; Vynne, Carly; Burgess, Neil D.; Wikramanayake, Eric; Hahn, Nathan; Palminteri, Suzanne; Hedao, Prashant; Noss, Reed; Hansen, Matt; Locke, Harvey; Ellis, Erle C; Jones, Benjamin; Barber, Charles Victor; Hayes, Randy; Kormos, Cyril; Martin, Vance; Crist, Eileen; Sechrest, Wes; Price, Lori; Baillie, Jonathan E. M.; Weeden, Don; Suckling, Kierán; Davis, Crystal; Sizer, Nigel; Moore, Rebecca; Thau, David; Birch, Tanya; Potapov, Peter; Turubanova, Svetlana; Tyukavina, Alexandra; de Souza, Nadia; Pintea, Lilian; Brito, José C.; Llewellyn, Othman A.; Miller, Anthony G.; Patzelt, Annette; Ghazanfar, Shahina A.; Timberlake, Jonathan; Klöser, Heinz; Shennan-Farpón, Yara; Kindt, Roeland; Lillesø, Jens-Peter Barnekow; van Breugel, Paulo; Graudal, Lars; Voge, Maianna; Al-Shammari, Khalaf F.; Saleem, Muhammad (2017). «An Ecoregion-Based Approach to Protecting Half the Terrestrial Realm». BioScience 67 (6): 534–545. ISSN 0006-3568. PMC 5451287. PMID 28608869. doi:10.1093/biosci/bix014. 
  16. «The World Factbook». Arkivert frå originalen 24 November 2016. Henta 15 October 2014. 
  17. Bureau of Democracy, Human Rights and Labor. «Country Reports on Human Rights Practices for 2015: Guinea». United States Department of State. Henta 19 November 2016. 
  18. Bureau of International Labor Affairs (ILAB) – U.S. Department of Labor Arkivert 5 December 2008 ved Wayback Machine.. Dol.gov. Retrieved 28 June 2011.
  19. According to the WHO:"The 10 countries with the highest rates of child marriage are: Niger, 75%; Chad and Central African Republic, 68%; India, 66%; Guinea, 63%; Mozambique, 56%; Mali, 55%; Burkina Faso and South Sudan, 52%; and Malawi, 50%."[1] Arkivert 24 April 2015 ved Wayback Machine.
  20. Articles 315-319 Arkivert 21. mai 2013 ved Wayback Machine., Civil Code of the Republic of Guinea (Code Civil de la Republique de Guinee)
  21. "Early Marriage A Harmful Traditional Practice – A Statistical Exploration" Arkivert 28 August 2014 ved Wayback Machine. UNICEF, 2005, p. 38.
  22. «The World Factbook». Arkivert frå originalen 28. oktober 2009. Henta 15. oktober 2014. 
  23. Falola, Toyin; Jean-Jacques, Daniel (14 December 2015). Africa: An Encyclopedia of Culture and Society [3 volumes]: An Encyclopedia of Culture and Society. ABC-CLIO. s. 568–569. ISBN 9781598846669. Henta 5 November 2016. 
  24. Guinea, Post Report. United States Department of State. 1985. s. 9. Henta 8 September 2021. 
  25. «Recipes & Cookbooks». Friends of Guinea. Arkivert frå originalen 3. februar 2014. Henta 23. juli 2017. 
  26. «Eating in the Embassy: Guinean Embassy Brings West African Food To Washington». WAMU. Arkivert frå originalen 1. februar 2014. Henta 23. juli 2017.