Bent Hegna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bent Hegna
Fødd10. juni 1959 (64 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Bent Andreas Hegna (fødd 10. juni 1959) er ein norsk arbeidar, byråkrat og politikar frå Porsgrunn. Han representerte Telemark og ArbeidarpartietStortinget i tida 1993-2001.

Hegna var platearbeidar 1976-80 ved Porsgrunn mek. Verksted og frå 1980 ved Elkem AS. Frå 1991 til 1993 var han medlem i Porsgrunn bystyre. Hausten 1993 vart han vald inn på stortinget, som den tredje og siste for Arbeidarpartiet, attvald for ein ny fireårsperiode i 1997. Alle åtte åra på Tinget var han medlem i Energi- og miljøkomiteen. Sidan var han tilsett i det som vart heitande NAV.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Stortinget i navn og tall: høsten 1993 - våren 1997.