Bergsveinn Birgisson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bergsveinn Birgisson (fødd 1971) er ein islandsk forfattar og doktor i norrøn filologi.

Han er utdanna som norrønfilolog frå Háskóli Íslands, Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen, og tok Dr.art.-graden ved UiB med ei avhandling om skaldediktinga.

I 2012 vart han nominert til Nordisk råds litteraturpris for romanen Svar við bréfi Helgu. Boka er omsett til norsk av Johannes Gjerdåker og utgjeven som Svar på brev frå HelgaPelikanen forlag. I 2013 vart han nominert til Brageprisen for Den svarte vikingen (Spartacus), som er skriven på norsk (bokmål). I oktober 2015 gav han ut Geirmundar saga Heljarskinns på Island. Det er ein roman om stamfaren Geirmund Heljarskinn, som han skreiv faglitterært om i Den svarte vikingen.

Bergsveinn Birgisson bur i Bergen.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1992 - Íslendingurinn - Diktsamling
  • 1997 - Innrás liljanna - diktsamling
  • 2003 - Landslag er aldrei asnalegt ('Landskap er aldri toskete') - Roman
  • 2009 - Handbók um hugarfar kúa – skáldfræðisaga ('Handbok om mentaliteten til kyr - ei science fiction-soge') - Roman
  • 2010 - Svar við bréfi Helgu (Svar på brev frå Helga) - Roman
  • 2011 - Drauganet - Diktsamling
  • 2013 - Den svarte vikingen - Sakprosa. Selt over 25000 (november 2015)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]