Berit Tversland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Berit Tversland
Fødd 25. juli 1950 (73 år)

Berit Tversland (fødd 25. juli 1950) er ei norsk hofftenestekvinne. Ho var kabinettsekretær ved Det kongelege hoffet frå 2000 til 2012. Tversland er kjend som ein av dei næraste medarbeidarane til kongefamilien gjennom fleire år.

Virke ved hoffet[endre | endre wikiteksten]

I 1977 blei Tversland tilsett ved Det kongelige hoffet. I tolv år var ho guvernante for prinsesse Märtha Louise og kronprins Haakon. Etter dette blei Tversland assisterande kabinettsekretær. I 1990 blei ho sekretær for prinsesse Märtha Louise, seinare fylte ho same funksjon for kronprins Haakon før ho blei privatsekretær for kong Harald. Frå 2000 var Tversland kabinettsekretær.[1] Tversland leia kabinettssekretariatet Det kongelige hoff og har også vore fungerande hoffsjef. I 2012 gjekk ho av med pensjon.[2]

Tversland har gått ved Forsvarets høgskole og har vore leiar i Oslo bispedømmeråd.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 2005 utnemnde Kong Harald Tversland til kommandør av St. Olavs Orden «for fortjenstfullt virke i H.M. Kongens tjeneste»[3], som i 2012 blei forfremja til storkross.[4] I 2005 mottok ho Kongehusets 100-årsmedalje. Tversland har mottatt 1. klasse av den estiske Terra Mariana-krossens orden og 3. klasse av Den kvite stjernas orden,[5] storkross av Republikken Italias fortenestesorden,[6] storkross av den portugisiske Infante Dom Henriks orden,[7] storkross av Spanias sivile fortenestesorden,[8] storriddarkross av Den islandske falkeordenen,[9] 3. klasse (kommandørkross) av Storfyrst Gediminas av Litauens orden[10] og kommandørkross av Republikken Polens fortenestesorden.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Berit Tversland utnevnt til kabinettssekretær», VG Nett, 31. mai 2000.
  2. AS, TV 2 (20. september 2012). «Haakon og Märthas «reservemamma» slutter på slottet». TV 2 (på norsk bokmål). Henta 18. januar 2024. 
  3. «Tildelinger av ordener og medaljer». www.kongehuset.no (på norsk). Henta 18. januar 2024. 
  4. «Forfremjing i St. Olavs Orden». www.kongehuset.no (på norsk). Henta 18. januar 2024. 
  5. «president.ee». Henta 18. januar 2024. 
  6. Dettaglio decorato[daud lenkje], Italias presidentkontor.
  7. «diariodarepublica.pt». Henta 18. januar 2024.  [daud lenkje]
  8. «Página no encontrada». www.lamoncloa.gob.es (på spansk). Henta 18. januar 2024. 
  9. Fálkaorðuhafar[daud lenkje], Islands presidentkotor.
  10. Apdovanotų asmenų duomenų bazė Arkivert 3. januar 2010 på Wayback Machine., Litauens presidentkontor.
  11. «Monitor Polski Nr 2, poz. 34 z 2004 - e-prawnik.pl». dokumenty.e-prawnik.pl. Henta 18. januar 2024.