Bernard Palissy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bernard Palissy
Bernard Palissy self-portrait.jpg
Bernard Palissy, sjølvportrett i fajanse.
Fødd 1510
Agen
Død

1589
Paris

Bernard Palissy på Commons

Bernard Palissy (ca. 15101589) var ein fransk vitskapsmann og keramikar som døydde i Bastillen i Paris under hugenottforfølgingane. Han er kjend for å ha utvikla framifrå imitasjonar av kinesisk porselen og var ein føregangsmann innan agronomi, geologi og for den eksperimentelle metoden innan naturvitskap.

Mugge av Bernard Palissy ved Victoria and Albert Museum (no. 7178-1860).

Keramikk[endre | endre wikiteksten]

Palissy-arbeid er kjenneteikna av naturlike attgjevingar av frukt, grønsaker, dyr og liknande på store, ovale fat. Motiva er forma i høgt relieff og har naturlege fargar. Alt er dekt med gjennomsiktig blyglasur.

Martyrdom[endre | endre wikiteksten]

Under hugenottforfølgingane levde Palissy ei tid i Aust-Frankrike under vern av prinsessa av Sedan og Robert de la Marck. Han vende tilbake til Paris i 1575. I 1588 blei han fengsla for religionen sin. Han døydde i fangenskap i Bastillen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Palissy, Bernard», Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite, 2011.
  • «Bernard Palissy», i Store norske leksikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bernard Palissy
Wikisource Bernard PallissyWikikilden (frie originaltekstar)