Hopp til innhald

Berneray

Berneray
Lokalt namn Beàrnaraidh
Geografi
Berneray is located in
StadAtlanterhavet
Koordinatar57°43′N 7°11′W / 57.72°N 7.19°W / 57.72; -7.19
ØygruppeYtre Hebridane
Areal10,10 km²
Høgaste punktBeinn Shleibhe (93 moh.)
Administrasjon
LandSkottland
RegionYtre Hebridane
Største busetnadBorve og Rushgarry
Demografi
Folketal136 (2001)
Folketettleik13,5 /km²

Berneray (skotsk-gælisk Beàrnaraigh na Hearadh, norrønt Bjarnarey) er ei øy i Sound of Harris i Skottland. Ho er i av femten busette øyar i Ytre Hebridane. Ho er kjend for den rike og fargerike historia, som har trekt til seg mykje turisme.

Borve og machair-området

Øya har eit areal på 10,1 kvadratkilometer og det høgaste punktet på Berneray er Beinn Shlèibhe på 93 meter over havet, medan Borve Hill er 85 meter over havet. Det er funne spor etter busetnad på Berneray frå bronsealderen og kanskje tidlegare. Her finst fleire gamle heilage stader, steinsirklar, spor etter vikingbusetnader og historiske bygningar som er fleire hundre år gamle.

Namnet Berneray kjem frå norrønt og tyder «Bjørnøya».

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Reiseguide for Berneray frå Wikivoyage