Benbecula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Benbecula
Lokalt namn: Beinn nam Fadhla 
Geografi
Benbecula is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°26′46″ N 7°19′12″ WKoordinatar: 57°26′46″ N 7°19′12″ W
Øygruppe Ytre Hebridane
Areal 82,03 km²
Høgaste punkt Ruaval (124 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane
Største busetnad Balivanich
Demografi
Folketal 1219 (2001)
Folketettleik 14,8 /km²

Benbecula (skotsk-gælisk Beinn nam Fadhla) er ei øy i Ytre Hebridane vest for Skottland. I 2001 hadde øya 1249 innbyggjarar. Dei fleste av desse er romersk-katolske.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Strand på vestkysten av Benbecula mot South Uist.

Øya ligg mellom øyane North Uist og South Uist, og har vegsamband til begge to. Benbecula lufthamn på øya har dagleg flysamband til Glasgow, Stornoway og Barra.

Den største landsbyen på Benbecula er Balivanich (skotsk-gælisk Baile a' Mhanaich, tyder «Munkebyen»), nordvest på øya. Det er det adminsitrative senteret for dei tre øyane. Andre landsbyar er Craigstrome i aust. I motsetnad til den frodige vestsida av øya, består austsida av lyngheier, myrer og fleire viker og fjordar. Craigstrome nær Ruabhal er det høgaste punktet på Benbecula med 124 meter over havet.

I landsbyen Lionacleit ligg den største vidaregåande skulen på Uist-øyane, samt eit symjebasseng, ein kafe, idrettsanlegg, eit lite museum og eit bibliotek. Like ved ligg Lionacleit-delen av Lews Castle College.

Creagorry ligg sør på øya, nær vegen over til South Uist. Borve Castle ligg sørvest på øya.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]