Hopp til innhald

Grimsay

For øya litt lenger sør, sjå Grimsay sør for Benbecula
Grimsay
Lokalt namn Griomasaigh
Geografi
Grimsay is located in
StadAtlanterhavet
Koordinatar57°29′N 7°14′W / 57.49°N 7.24°W / 57.49; -7.24
ØygruppeYtre Hebridane
Areal8,33 km²
Høgaste punkt22 moh.
Administrasjon
LandSkottland
RegionYtre Hebridane
Største busetnadBàgh Mòr og Ceallan
Demografi
Folketal201 (2001)
Folketettleik24,1 /km²

Grimsay (skotsk-gælisk Griomasaigh, norrønt Grimsey) er ei tidvassøy i Ytre Hebridane i Skottland.

Bagh Mòr på Grimsay, med Ronay i bakgrunnen
Eit wheelhouse på Grimsay

Grimsay er den største av dei lågtliggande øyane som vegen Oitir Mhòr (North Ford) går over, mellom North Uist og Benbecula.[1] Fram til vegen opna i 1960, gjekk det ferje frå Carinish på North Uist til Gramisdale på Benbecula, men denne kunne berre gå ved høgvatn. Aust for Grimsay ligg fleire mindre øyar, mellom anna Ronay som var busett fram til 1920-åra.

Dei største grendene på Grimsay er Baymore (Bàgh Mòr) og Kallin (Ceallan) aust på øya. Grimsay har ei hamn ved Kallin, som er base for ein forholdsvis stor skalldyrindustri.,[1] hovudnæringa på øya. Denne baserer seg hovudsakleg på hummar, reker og muslingar. Båtbygging har alltid vore viktig på øya.

  1. 1 2 «Overview of Grimsay». Gazetteer for Scotland. Henta 26. februar 2010.