Bernt Lie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bernt Lie
Bernt Lie.png
Fødd 13. juli 1868
Mandal
Død

14. juli 1916

Yrke skribent
Bernt Lie på Commons
Grava til Bernt Lie på Tromsø gravlund

Bernt Lie (13. juli 186814. juli 1916) var ein norsk forfattar, i dag mest hugsa for gutebøkene Sorte Ørn, Svend Bidevind, Peter Napoleon og Guttedage. Han var far til Emil Lie, brorson til Jonas Lie den eldre og fetter av Erik Lie.

Bernt Lie vart fødd i Mandal då far hans var byfogd der. Han tok i 1891, som far sin tidlegare, juridisk embetseksamen. Året etter debuterte han med folkelivsskildringa Matje Kajsa, ei realistisk novelle om ei gammal kvenkone si skuffa kjærleik, hat og hemnlyst. Same år kom I Eventyrland. Fortælling fra det nordligste Norge, tileigna onkelen, om ein kunstmålar driven av lengt etter eit landskap som kunne gje svar på det han "kjendte seg inderst inde at være og vilde." Bernt Lie dikta på same spenninga mellom natur og kultur som er så særmerkt for Lie-ætta. Synsvinkelen hans ligg hos borgarlege miljø Ofte grip dei inn mot urett. Handlinga er like gjerne i Italia, der Lie budde i ei årrekkje, som i Nordland, ofte med grunntone av motsetnad nord/sør. Handlinga i dei meistarlege gutebøkene hans er i nord. Den autoritære embetsmannshaldninga er i gutebøkene mildna av skoleerindringane si sjarme, det er rektor si opphøygde rettvise, og byfogden som bankar i neven i bordet i harme over behandlinga av fatigguten, dei er draumen om den store europeiske historia i gutelesnad og klasserom, fri for den hardare tonen som til dømes i dramaet En racekamp, skrive i 1915 under fyrste verdskrig, året før Bernt Lie døydde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]