Erik Lie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erik Lie
Fødd 23. november 1868
Oslo
Død

28. april 1943
Hvalstad

Yrke bibliotekar, skribent, journalist
Far Jonas Lie
Mor Thomasine Lie
Ektefelle Kathrine Lie
Born Jonas Lie den yngre

Erik Møinichen Lie (18691943) var ein norsk forfattar, kulturhistorikar og pressemann.

I dag er Erik Lie kjend for to ting: Å ha stifta Den norske Forfatterforening i 1893 og ha forsvart Tyskland så grundig under første verdskrigen at hovudverket i så måte, Indenfor fæstningens mure, skildringer fra det beleirede Tyskland, 1918, ikkje eingong er nemnd i Norsk biografisk leksikon frå 1938. Boka er eineståande i den norske bokheimen. Andre nordmenn, som Bjørn Bjørnson og Eivind Berggrav skreiv nok og både om og frå keisar Wilhelms Tyskland, men truleg ingen så grundig og elegant som Lie.

«Saa rolig lægger alene den sig til hvile, som føler kræfterne svulme i sine lemmer og som derfor intet frygter», opnar tysklandssskildringa frå 1918. Det er Berlin. Boka tek oss til både den tyske vest- og austfronten, frå Flandern til Finskebukta, ispedd sigersmeldingar frå den austerrikske Isonzofronten i sør. Den tyske generaliteten er hovudkjelda i skyttargrav og bunkers, og til slutt vendar forfattaren i zeppelinar attende til den tyske rikshovudstaden. Boka er overveldande i sine detaljkunnskapar, i seg sjølv ei historisk primærkjelde.

Ein annan merkeleg ting ved Lie, var at han var heller franskkulturell i utgangspunktet. I 1890-åra var han biblioteker ved Sainte-Genevièvebiblioteket i Paris. Der fekk han oppretta ei skandinavisk avdeling. Hans andre hovudinteresse var ætta. Saman med emissær Faste Svendsen reiste han bauta over stamfaren deira, Mons Lie, og skreiv boka Nådigherren om same. Lie var ingen skjønnlitterær forfattar. Son av søskenbarna Jonas Lie den eldre og Thomasine Lie var han ein ættekjær nordmann, som sjølv langt inne på Wolhyniens stepper fekk fletta inn nokre ord om ulven på Rørosvidda.

Erik Lie var far til Jonas Lie den yngre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]