Bernt Tunold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bernt Tunold
Selje Bernt Tunold Sogn og Fjordane Norway 2014-09-16.jpg
Fødd 25. februar 1877
Selje
Død

23. januar 1946 (68 år)
Bergen

Yrke kunstmålar, teiknar
Bernt Tunold på Commons

Bernt Wilhelm Tunold (25. februar 187723. januar 1946) var ein norsk målar og teiknar frå øya Selja i Nordfjord. Han er særleg kjend for sine motiv frå det gamle bondesamfunnet på Vestlandet.

Vårstemning, Selje

Tunold var samtidig med Nikolai Astrup og kom tidvis i skuggen av [[sunnfjord[[ingen. Begge var ein del av krinsen rundt Olav og Frida Rusti i bladet Urdi. Dei var opptatt av det særnorske og meinte at kunstnarar har opphav i sitt heimlege landskap. Tunold reiste såleis ikkje utanlands, men til Vest- og Nord-Noreg. Han søkte å måle den gamle bondekulturen før den forsvann, og byggeskikken slik den var før den vart riven og skifta ut med nye element.

Tunold busette seg i Bergen og døydde der.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]