Bestla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bestla er ei gyger (jotunkvinne) i norrøn mytologi som er kone til Bor og mor til Odin, Vilje og Ve. Ho blir omtalt som dotter av jotnen Bolthorn og syster til Mime.[1] Jotunavstamminga til Odin si mor er mytisk viktig, og prega han på mange vis.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Snorre Sturlason, Den yngre Edda (Norrøne bokverk 42), Det norske Samlaget (1973), s 24
  2. Vera Henriksen, Verdenstreet – mennesker og makter i Odins tid, Aschehoug (1984), s 95